Hopp til innhold

Raudkålkunst i Førde

Sinikka J. Olsen presenterer denne veka si sjølvutvikla kunstform.

Sinnika J. Olsen frå Sarpsborg demonstrerar raudkålkunst.

- Utstillingslokala vil sjå ut som eit alternativt laboratorium, fortel Sinikka J. Olsen.

Foto: Privat

20-åringen frå Sarpsborg er nok eit eksempel på at kva som helst kan nyttast til kunst. Sinikka Olsen prøvde med både blåbær og løk, men enda til slutt med raudkål.

- Den gjev dei heftigaste fargeeffektane og er rimelegast å jobbe med. Du får ikkje så mykje stoff frå eit enkelt blåbær, fortel kunstnaren frå Sarpsborg.

"Raudkålforsøk"

Denne veka presenterer Olsen si eiga kunstform når ho på Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde debuterer med si første separatutstilling.

- "Raudkålforsøk" handlar kort om ein ny måte å framstille fargar, mønster og former på. Raudkålen inneheld mengder av Antocyaniner og kan brukast til å indikere graden av surheit, pH-verdi, fortel Olsen.

- Du veit aldri kva du får

Kunsten går ut på å dyppe fotoprintpapir i stoffar som ho vinn ut i frå raudkål. Deretter dryp ho ulike væsker over papiret.

- Det kan vere kaffe, te, juice og melk. Då oppstår det kjemiske reaksjonar som dannar ulike former og farge. Når du først forstå teknikken, så er det lett å få til. Men det er spennande, du veit aldri kva du får, fortel ho.

Ny kunstform.

Slik kan eit 'raudkålforsøk' sjå ut.

Foto: Sinikka Olsen

Får prøve

Kunstforma som Olsen kom på i 2005 medan ho gjekk på Statens Kunstakademi i Oslo, vert avslutta på PC. Publikum får sjølv høve til å forske fram ulike mønster under separatutstillinga.

Utstillinga opnar 22. august og varer til 28. september. I regi av Den kulturelle skulesekken, kjem om lag 400 ungdomsskuleelevar frå Sunnfjord.

Spent kunstnar

Olsen fortel at nervane er under kontroll få dagar før debuten hennar. Ho kom søndag for å starte arbeidet med installasjonen.

- Det kjennes veldig bra ut. Eg får god hjelp på museet, men det blir lange dagar. Eg trur det blir ei omfattande, men bra utstilling, avsluttar ein spent raudkålkunstnar.