Hopp til innhold

Raude strekar lurer nynorskelevar til å skriva feil

Elevar får raude strekar under orda når dei skriv nynorsk. Ny opplæringslov lover program som støttar nynorsk «så langt som råd».

Raud strek i retteprogram

RAUDE STREKAR: I august sende regjeringa ei ny opplæringslov på høyring. I framlegget står det at regjeringa vil lovfesta krav om at skriveprogram som blir brukte i skulen skal ha støtte på både bokmål og nynorsk.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Me ser det på skrivinga deira. Elevar som seier «eg» og «ikkje», skriv plutseleg «jeg» og «ikke». Fordi det er det dei har møtt, seier Hilde Strandos.

Ho er assisterande rektor ved Naustdal skule, og fortel om ein digital skulekvardag som skaper frustrasjon både blant lærarar og elevar.

– Med to jamstilte skriftspråk skulle ein kunna forventa at ressursane er tilgjengelege på bokmål og nynorsk samtidig, men slik er det ikkje, seier ho.

LES OGSÅ: Manglar læremiddel på nynorsk: – Me bryt lova heile tida

– Me får ikkje presentert eit fullgodt nynorsk alternativ for elevane, seier Bente Sagevik, som er lærar ved skulen.

Eit av problema er at elevar får raude strekar under orda når dei skriv nynorsk, fordi programma er på bokmål.

– Me får ikkje bruka skriftspråket vårt, seier Nicolai Smådal Haugsbø, som går i tiande klasse.

NRK har tidlegare skrive om andreklassingane ved Kvitsund Gymnas som ikkje får bøker på sitt eige skriftspråk, slik opplæringslova krev.

Bente Sagevik og Hilde Strandos utanfor Naustdal skule

UROA: (F.v.) Lærar Bente Sagevik og assisterande rektor Hilde Strandos opplever at nynorsken i dei digitale ressursane er uferdige, med skrivefeil, er blanda med bokmål eller manglar. Dei er uroa for korleis dette påverkar læringa til elevane.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Nytt lovfesta krav

– Det er sjølvsagt ein heilt håplaus situasjon, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Han meiner at den digitale skulekvardagen er ei kjempeutfordring for nynorskelevar.

– Det opplever eg at regjeringa no anerkjenner, seier han.

26. august sende regjeringa ei ny opplæringslov på høyring.

Der står det at regjeringa vil lovfesta krav om at skriveprogram som blir brukte i skulen skal ha støtte på både bokmål og nynorsk.

Birk Steve Grimseth og Nicolai Smådal Haugsbø sit i klasserommet på Naustdal skule.

MISNØGDE: Tiandeklassingane (f.v.) Nicolai Smådal Haugsbø og Birk Steve Grimseth ved Naustdal skule reagerer på stadige innslag av bokmål og dårleg nynorsk i den digitale skulekvardagen.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– For stor del av skulekvardagen er på bokmål

Lofnes Hauge meiner likevel det er rom for betring i lova.

Det såkalla «parallellitetskravet» i opplæringslova krev at alle læremiddel skal vera tilgjengelege på begge målformer. Det er ikkje føreslått endringar for kva som skal definerast som eit digitalt læremiddel.

Regjeringa har varsla at dei vil gjera noko med mangelen på skriveprogram som støttar nynorsk, men tek i framlegget eit atterhald om at dette berre skal gjelda «så langt som råd».

– Me kunne ønskt oss ein definisjon som er litt strammare, og som dekkjer meir av verktøya som blir brukte i løpet av ein skuledag, seier Lofnes Hauge.

Mot ein betre skulekvardag

Han viser til at ein nynorskklasse kan bruka mange ulike appar, program og læringsressursar som kvar for seg ikkje er omfatta av nynorskkravet.

– Totalt gjer det at for mykje av skulekvardagen føregår på bokmål.

LES OGSÅ: Meiner nynorskelevar fortener ekstrapoeng ved opptak til høgare utdanning

 Peder Lofnes Hauge

SER FRAMGANG: Peder Lofnes Hauge, leiaren i Noregs Mållag, meiner regjeringa viser vilje til å gjera skulekvardagen for nynorskelevar betre.

Foto: Elise Årdal

– Ikkje alltid så bra

Tiandeklassingane Nicolai Smådal Haugsbø og Birk Steve Grimseth likar å jobba digitalt, trass i at dei opplever stadige innslag av bokmål i den digitale skulekvardagen sin.

– Som oftast går det an å byta om standarden frå bokmål, men nynorsken er ikkje alltid så bra, seier Birk.

Reagerer på «F**k nynorsk»-kampanje frå FpU: – Skamlaus anti-nynorskpopulisme