Hopp til innhold

Raud maktdemonstrasjon – Brann knuste Mjøndalen i toppkampen

Møtet mot erkerivalen enda med 7-0, og med det toppar Brann tabellen.

Jubel og 7-0 mot Mjøndalen

GOD STEMNING: Jubel på Brann Stadion og 7-0 mot Mjøndalen.

Foto: Bjørn Erik Nesse / Digitalsport

Kampen starta roleg, men etter pause sette bergensarane inn støyten, og skåra utrulege seks mål på rundt 30 minutt.

Etter 70 minutt var stillinga 3-0, men Brann-trenar Eirik Horneland bytta inn Myhre, Blomberg og Finne.

Eit godt val, for Bård Finne stod for tre av måla i kampen, og serverte dei 10.000 tilskodarane eit ekte hat-trick og eit show utan sidestykke.

Bård Finne

Bård Finne fant målet tre gongar.

Foto: Bjørn Erik Nesse / Digitalsport

Blomberg fullførte verket ved å setta inn det siste målet eit minutt på overtid.

Les heile kampreferatet her:

Brann - Mjøndalen

«Det brune spøkelset»

Mjøndalen har vore ein av Brann sine argaste konkurrentar, og sende bergenslaget ned i 1. divisjon i 2014.

Sidan då har dei spelt mot kvarandre sju gongar, i både cupen og Eliteserien. Dei har ikkje vunne nokon av dei.

Dei har vore eit mareritt for Brann, og har blitt kalla «det brune spøkelse».

– Det var veldig gøy. Eg var sliten etter 35-40 minutt, men så fekk me samla oss i pausen, seier David Wolfe, som hadde to målgjevande pasningar.

– Korleis er det å vinna mot Mjøndalen?

– Det er veldig deilig. Me sender ut eit «statement» til dei andre laga i OBOS-ligaen, seier Wolfe.

Brann-spiller David Møller Wolfe (20) har skrevet under på en ny kontrakt med Brann, holder oppe drakt sammen med sportsdirektør Jimmy Nagel.

David Møller Wolfe serverte to målgjevande pasningar i dagens kamp. Her med signeringa i april i år.

Foto: SK Brann

– Hadde ikkje drøymt om i halvsøvne

Mjøndalen-trenar Vegard Hansen var, som laget han trenar, mållaus etter kampen

– Det blei ein klasseforskjell. I andreomgang mistar me all motstandskraft, og defensiv ryggrad var heilt vekke, seier Hansen til NRK.

Vegard Hansen

Vegard Hansen var skuffa over prestasjonen til Mjøndalen i kveld.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Mjøndalen ligg no på 2.-plass på tabellen, og dei har spelt ein kamp meir enn Brann.

– Det var utruleg vondt å sjå korleis me rakna. Det hadde eg ikkje drøymt om i halvsøvne, at me skulle sprekka sånn, seier Hansen.

Hansen er overtydd om at Brann rykker opp når sesongen er over.

Erik Huseklepp har spelt mot Mjøndalen i både Brann og Åsane. Han har aldri slått dei.

No er han assistenttrenar, og spøker med at han tek det med seg i statistikken.

Huseklepp er ikkje like sikker som Hansen når det gjeld opprykket.

– Me kan ikkje tenka på det. Me må ta ein kamp om gongen, seier Huseklepp.