Ved Langevatnet langs fylkesveg 614 ligg ein rasteplass. Her er også ei brygge for bevegelseshemma. Eller?
For plassen har ikkje vore haldne ved like sidan 90-talet. Og i mellomtida har kanten opp til rampa blitt høg.
– Eg trur han berre har gått i gløymeboka, seier Rune Ripe, som har engasjert seg i saka.
Plassen ligg i Bremanger kommune. Men at den var deira ansvar, har dei ikkje tenkt på, seier rådmann i kommunen, Tom Joensen.
– Vi har levd i den villfaringa at det var Statens vegvesen som hadde ansvaret, seier han.
BREMANGER: Lova seier at det er eigaren av vegen som har ansvar for drift og vedlikehald av rasteplassane.
Foto: Rune RipeVarierande standard
I dag er det rundt 700 små og store rasteplassar spreidde rundt på det store norske vegnettet.
Standarden og kvaliteten på rasteplassane er varierande, og i mange tilfelle er det tilsynelatande uklart kven som eigentleg har ansvaret.
Blant «problemborna» er rasteplassen ved «Ringeriksporten» og «Sjakk-plassen» på Stord.
I Saltdal kommune har Nerauran rasteplass skapt hodebry. Det same har rasteplassen langs hovudvegen til Gjerstad.
NAF kom i fjor difor med ein appell til «Statens vegvesen og andre som har ansvar for rasteplassar langs vegane» om å sørge for nok ressursar til reinhald og vedlikehald.
Lova seier at det er eigaren av vegen som har ansvaret for rasteplassane. Det betyr at fylka har ansvaret på fylkesvegane, og Statens vegvesen har ansvaret på riks- og europavegane.
– Det er viktig at det er tydeleg kven som har ansvar for rasteplassar, og at desse har plan og budsjett for å halde rasteplassen ved like, seier Kari Vassbotn, regionleiar i Trygg Trafikk.
NY STRATEGI: Regjeringa la før jul fram ein ny rasteplass-strategi. – Mange har vegen som arbeidsplass. Det handlar om deira arbeidskvardag, sa samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Foto: William Jobling / NRKRegjeringa la fram ein ny rasteplass-strategi
Nils Sødal i NAF seier til NRK at ansvarsforholda «er relativt tydelege allereie».
– Men dette må kommuniserast tydeleg så det er klart for dei ulike forvaltingsnivåa, seier han.
Han legg til at rasteplassane er viktige for at bilistane skal ha ein mogelegheit til å ta seg ein kvil på bilturen.
– Ein sliten sjåfør er ein dårleg sjåfør, seier han.
Regjeringa la før jul fram ein ny rasteplass-strategi for hele riksvegnettet. Planen er at rasteplassane skal bli færre, og at dei skal vere «gode og anstendige».
OSTASTEIDN: NAF kom i fjor med ein appell til «Statens vegvesen og andre» om å sørge for nok ressursar til reinhald og vedlikehald.
Foto: Jarle LundeLangs riksvegane skal det vere om lag 150 rasteplassar tilgjengeleg for alle typar køyretøy hele året. Toalett, utemøblar og avfallshandtering er nokre av minimumskrava.
– Mange har vegen som arbeidsplass, og denne strategien handlar mellom anna om deira arbeidskvardag, sa samferdselsminister Knut Arild Hareide då han la fram planen.
For Nasjonale turistvegar vert drift og vedlikehaldsansvaret delt av fleire partar, som stat, fylke og kommune.
– Det kan vere hensiktsmessig for fylkeskommunane å lage eigne rasteplasstrategiar, seier Kjell Brataas, seniorrådgjevar hjå Samferdselsdepartementet.
RASTEPLASS PÅ UREDD: Langs riksvegane skal det vere om lag 150 rasteplassar tilgjengeleg for alle typar køyretøy hele året. Toalett, utemøblar og avfallshandtering er nokre av minimumskrava.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRKVert normalt gjort avtaler
– Rasteplassane er viktige for trafikksikkerheita, seier Per Ove Fossheim, seksjonssjef på Drift og vedlikehald hos Statens vegvesen.
Han seier det «normalt blir gjort avtaler om overtaking av driftsansvaret» når Vegvesenet byggjer ut rasteplassar der kommunen eig vegen.
Attende i Bremanger seier rådmannen at kommunen skal fikse rasteplassen så fort det lar seg gjere.
Men fellesferien gjer at det kan trekke ut, seier han.
– Vi kan ikkje anna enn å beklage.
- LES OGSÅ: Milliondoen på Sognefjellet står klar
OSCARSHAUGEN: – Det kan vere hensiktsmessig for fylkeskommunane å lage egne rasteplasstrategiar, seier Kjell Brataas, seniorrådgjevar hjå Samferdselsdepartementet.
Foto: Frid-Jorunn Stabell / Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen