Hopp til innhold

Rask varsling hindra større skogbrann i Fjaler

Rask varsling avverja det som kunne ha blitt ein større skogbrann i Fjaler fredag ettermiddag.

Skogbrann i Guddal

BRANNEN ER SLØKT: Brannvesenet driv no ettersløkking på staden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Politiet fekk melding om brannen på Gallefoss i Guddalen klokka 13.26 fredag. Dei opplyste at vindretninga stod slik at ein gard stod i fare. Dei som bur på garden var gjort greie for og var i tryggleik.

Like etter klokka 14 var brannvesenet framme på staden, og NRK fekk då opplyst at ein rekna med å kunne sløkke brannen ved hjelp av pisker.

Like før klokka 15 opplyser vaktleiar Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen at dei har kontroll på situasjonen.

Brann på Gallefoss i Guddalen

SKOGBRANN: Det brenn i terrenget bak eit gardsbruk i Guddalen.

Foto: NRK-tipsar

– Gaular brannvesen har returnert medan det er att litt mannskap frå Fjaler brannvesen. Dei vil no dynke området med vatn og drive ettersløkking for å sikre at det ikkje blussar opp att.

– Var det ein stor skogbrann?

– Hadde det ikkje vore for tidleg varsling kunne det ha blitt det.

Aune har ikkje oversikt over kor stort område som er svidd av, men seier dei raskt fekk sikra at brannen ikkje spreidde seg til gardsbygningane.

Brannvesenet vil bli på staden til dei er sikre på at ikkje brannen blussar opp att.