Den andre tiltalte måtte svare for seg i retten i dag. Teikning: Elin Fagertun
-Han sa til meg at det ikkje var noko personleg. Det var hudfargen til Arve han ikkje likte.
Det forklarte den unge kvinna som vitna i retten i dag. Svaret hadde ho fått då ho spurte hovudtiltalte om kvifor han mislikte den indiskfødde guten.
Saman med fleire andre vitne kom ho med forklaringar som står i sterk kontrast til det 19-åringen sjølv har fortalt.
Ifølgje eit vitne hadde han sagt at han ville banke opp Arve Beheim Karlsen fordi han var neger, det skjedde på ein fest der Arve vart gøymt unna på do fordi venene var redde for at tiltalte skulle ta han.
Eit anna vitne fortalte at 19-åringen fleire gongar hadde kalla Beheim Karlsen for svarting, og eit tredje at han hadde sett tiltalte skalle han ned på ein fest.
40 vitne
Aktor i saka, statsadvokat Jan Hoel, har stemna rundt 40 vitne – og flesteparten skal forklare seg om liknande episodar. Problemet er at det har gått to år sidan Beheim Karlsen døydde – og endå lenger sidan fleire av episodane skal ha skjedd. Fleire av dei unge vitna hadde i dag store problem med å hugse detaljar – og fleire av tiltalepunkta skjedde på festar der det var nytta alkohol.
Den viktigaste hendinga er likevel kvelden då Arve Beheim Karlsen døydde. Ein ven av han fortalte at han hadde kome til elva kort tid etter at Arve forsvann.
– Då traff eg tiltalte. Han var på ein måte eg aldri hadde sett han før. Han var heilt fjern, heilt vekke, sa venen som aldri tidlegare har fortalt politiet om dette.
– Du vart svært prega av det som skjedde med Arve – kan det ha prega kva du erindrar, spurte forsvarar Tor Erling Staff.
– Nei eg seier berre det eg sjølv har sett, sa vitnet.