Rasar mot elendig informasjon

Tilsette på sjukehuset i Eid reagerer på å høyre om moglege kutt i ortopedien på radio.

Nordfjord Sjukehus
Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Eg fekk informasjonen frå ein annan tilsett som hadde høyrt om saka på radio, seier plasstillitsvald Evy Janne Berle.

Ho reagerer på dårleg informasjon frå Helse Førde.

Jon Bolstad og Clara Øberg

Jon Bolstad og Clara Øberg

Foto: Bård Siem / NRK
Nordfjord sjukehus

Vert det Nordfjord sjukehus som må kutte ortopedien?

Foto: Ottar Starheim / NRK
Førde sentralsjukehus

Vert Førde sentralsjukehus eit lokalsjukehus der Helse Bergen står for sentralsjukehusfunksjonane?

Foto: Cosmin Cosma / NRK
Lærdal sjukehus

Vert Lærdal råka av kutt, og mister ortopedien sin?

Foto: unknown / NRK

Spøkjer for avdelinga

- Det hadde vore kjekt å få informasjon frå styret i Helse Førde og ikkje gjennom radioen og intranettet, seier Berle.

No må tilsette ved lokalsjukehusa leve fleire veker i uvisse om kva som skjer med arbeidsplassen.

Måten dei fekk beskjed om den moglege nedlegginga på var via radio og internet.

- Har skjedd før

Berle seier det ikkje er første gongen ein får høyre om kuttplanar utan at tilsette har fått beskjed.

- Nei, dette har skjedd før.

- Burde det skjedd på ein annan måte?

- Det er ikkj første gongen vi har dette hengande over oss.

- Ja, kva seier de som arbeider her på Eid til kvarandre?

- Vi ristar på hovudet og veit veldig lite om kva som vil skje, seier ho.

Avgjort i desember

Ortopedien anten i Lærdal eller på Nordfjordeid kan ryke når styret i Helse Førde skal vedta eit nytt budsjett i desember.

Kor øksa vil falle er uvisst, men styret har bede administrasjonen om eit notat om kor dei kan legge ned.

Etter det NRK har grunn til å tru er det Eid som er mest utsett.

- Vurder sjukehusstrukturen

Linda Lågeide frå Raudeberg er ein av pasientane som tykkjer situasjonen er trasig.

- Det er veldig synd at dei kjem med slike idear no igjen. Det må vere vanskeleg for legane og dei som arbeider her å leve med, seier ho.

- Men Helse Førde må jo spare pengar?

- Eg har alltid fått god behandling her på Eid. Det er kanskje på tide å sjå på om vi heller skal ha tre lokalsjukehus i staden for den ordninga som er no, seier ho.

Klar for kamp, igjen

I rådhuset rustar Arbeiderpartiordførar i Eid og leiar i Nordfjordrådet Sonja Edvardsen seg til kamp. Ho meiner ei nedlegging av ortopedien vil verte ei alvorleg sak for sjukehuset, og i strid med føringane frå regjeringa.

- Det er urovekkjande, og det kan bli alvorleg for regionen vår om vi skal sentralisere meir enn no, seier ordrføraren.

- Kvifor er det så viktig å ha ortopedien?


- Ortopedi er ein vitkig del av den akuttmedisinske kjeda ved eit lokalsjukehus.
Vert det fjerna vil det forvirtre tryggleiksbasen som sjukehuset har stått for, seier ho.

- Må klare jobben

Også i Lærdal er uroa stor, Varaordførar Lars Petter Nesse frå Senterpartiet seier indresogningane er klar til å krige for sjukehustilbodet.

- Vi må jo kjempe for lokalsjukehuset vårt. Vert det kutt i Lærdal vil det gjere tilbodet i Sogn dårlegare enn det er.

Nesse meiner at sjukehussektoren no får så mykje pengar at ein må kunne greie å halde lokalsjukehusa oppe.

- Vi har god struktur med lokalsjukehus der 70 prosent av lidingane vert handtert.

- Kan få andre oppgåver

- Vi har sagt at vi skal ha ei funksjonsfordeling. Då kan hende dei får andre oppgåver i staden, men det er ikkje snakk om at nokon skal miste jobben sin, seier Clara Øberg i Helse Førde-styret.

Ho legg til:

- Kanskje må dei drive med litt andre ting enn i dag - det er det det er snakk om.