Ras og rasfare stengjer fleire vegar

Fleire vegar i Sogn og Fjordane er framleis stengde på grunn av ras, rasfare eller flaum. På Høyanger sørside er grenda Østerbø isolert då stort steinras stengjer den kommunale vegen langs vatnet.

Ras på vegen mellom Østerbø og Søreide

STENGD: Høyanger kommune opplyser at entreprenøren er på staden for å vurdere raset og avgjere når ryddearbeidet kan starte.

Foto: Kim Andre Osland

– Det er ikkje første gongen det går ras på denne vegen. Vi er vane med dette, seier Kim Andre Osland.

Sjølv skal han saman med sambuaren og dei to borna deira til Førde og feire jul. Men då NRK snakkar med han i halv tolvtida laurdag føremiddag står bilen på feil side av raset. Sjølv har han gått over raset for å ta bilete og studere skadane.

– Vi har fått beskjed frå Høyanger kommune om at vegen mest truleg vil verte opna igjen i løpet av dagen, seier Osland, som ikkje er uroa for at julefeiringa vil ryke.

Klokka 13.10 opplyser Høyanger kommune til NRK at entreprenøren jobbar med å rydde raset, men at det i alle fall vil gå minst to-tre timar før vegen er opna igjen.

Strynefjellet framleis stengd

Men den kommunale vegen til Østerbø er ikkje den einaste vegen i fylket som er stengd for tida. Den mest trafikkerte vegane som er stengd laurdag føremiddag er riksveg 15 over Strynefjellet. Her opplyser vegvesenet at vegen vil vere stengd inntil vidare på grunn av rasfare.

Derimot er fylkesveg 55 mellom Høyanger og Vadheim opna igjen etter at eit jord- og steinras stengde vegen ved Vadheimstunnelen.

Vikafjellet opna igjen

Det er elles fri ferdsel på E16 over Filjefjell, riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, riksveg 13 over Vikafjellet og fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol.

Dei mindre trafikkerte fylkesvegane i Nordfjord, som var stengde på grunn av rasfare, vart opna igjen laurdag føremiddag.

Desse vegane er stengde kl. 13.25:

  • Fylkesveg 53: Tyin-Årdal. Stengd på grunn av uvêr og fare for ras. Vert ikkje opna i dag. Ny vurdering julaftan kl. 10.
  • Fylkesveg 214: Tallberget, på strekninga Fimreite-Valeborg. Stengd på grunn av jordras. Vert ikkje opna i dag.
  • Fylkesveg 207: Lavik-Leirvik. Vegen er stengd ved nedre Tveit (Tveitafossen) på grunn av at elva har gjort skade på brufundamentet. Omkøyring via Lavikdalen.

Vegvesenet melder om greie køyreforhold på vegane i fylket. Ein del vatn er det i vegbanen, men det er ikkje meldt om større problem på grunn av nedbørsmengdene.