Ras stengjer Flåmsbana

Eit steinras stengjer Flåmsbana mellom Myrdal og Flåm. – Det har hamna steinar i sporet ved Blomheller. Toget kom seg forbi, men vi har no stengd bana, opplyser pressevakta i Bane Nor. Mannskap er sendt ut, og det kan også bli aktuelt med geolog.