Ingen personar blei skadde. Raset gjekk rundt klokka ti i føremiddag, og førte til lange køar i området.
- Ein del av vegbana var vekke
Aksel Laastad venta i over ein time ved rasstaden.
- Då var det komen ned stein og jord frå fjellsida og teke med seg ein del av støypekanten. Litt av vegbana var også vekke, fortel han.
Ventar på geolog
Vegen er no rydda for trafikk av småbilar att.
- Me skal ha geolog på plass før dei ryddar resten, seier vaktoperatør Lasse Austestad i Statens Vegvesen til BT.