FYLKESVEG 572 ER OPEN
Fv. 572 Bruravik - Ulvik er no opna, melder Statens Vegvesen. Vegen har vore stengt sidan fredag på grunn av steinras.
Fv. 572 Bruravik - Ulvik er no opna, melder Statens Vegvesen. Vegen har vore stengt sidan fredag på grunn av steinras.
Vegen mellom Bruravik og Ulvik opnar i løpet av ettermiddagen, melder Statens Vegvesen. Oppryddningsarbeidet etter steinraset er i gang, men det er uvisst kor lang tid det tek.
Statens vegvesen melder at det blir gjort ein ny vurdering av fylkesveg 572 laurdag klokka 12.00.
Fylkesveg 572 i Hardanger blir ikkje opna i dag. – Vi må ha geolog inn på staden for å vurdere rasfaren, og det er svært usikkert når vi kan klare det, seier Tore Tysse på Vegtrafikksentralen. Omkøyringsveg er fv. 572 Espelandsvegen.
Politiet føler seg sikre på at ingen er tekne av raset i Hardanger. – Difor har vi ikkje sendt nokon patrulje til staden, men lar Statens vegvesen ta over, seier operasjonsleiar Morten Kronen.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.