Ras i Skjerdal: Jobbar med å opne vegen

Geolog har vore på staden og entreprenøren har starta å jobbe. Raset som gjekk torsdag er kring 300 meter breitt og stengjer fylkesveg 5625 Skjerdalsvegen i Aurland.

Det bur kring 10 personar i dalen og det er ein god del masse og stein som må bli fjerna. Det skal ikkje vere store skader på sjølve vegen.

– Vegen blir nok ikkje opna att før enn på fredag, seier Geir Ove Engebø som er byggleiar i Statens vegvesen.

Ras i Skjerdal
Foto: Heidi Ravnestad