Hopp til innhold

– Målet er å auke leselysta og lesegleda

Raptus-festivalen feirar 20-årsjubileum, og håpar på ein opptur for teikneserielesing.

Raptus festivalen i Bergen er 20 år. Festivalsjef Øyvind Naterstad

VIDEOJOURNALIST: ESPEN HOBBESLAND

– Eg trur første gong vi hadde cosplay på festivalprogrammet er åtte år sidan no. Det har berre blitt større og større sidan det. Vi er allereie begynt å sjå på kven av cosplay-stjernene vi skal ha programmet neste år for å seie det slik, fortel festivalsjef Øyvind Naterstad.

Dei mest kjende personane innan cosplay driv ofte ein blogg der dei viser korleis dei lagar kostyma og legg ut bilete.

Bergen har sin eigen cosplay-klubb, Bergen Laiv Action Cosplay Klubb (B.L.A.C.K). Dei har møter ein gong i veka, og fleire av medlemmane deltok under Raptus-festivalen sin cosplay-framvising i dag.

Sjå kven som vann kostymekonkurranse:

Kostymekonkurranse under Raptus, Bergen tegneseriefestival sitt 20 årsjubileum

VIDEOJOURNALIST: ESPEN HOBBESLAND

I år er det 20 år sidan Raptus-festivalen blei starta.

– Målet er å auke leselysta og lesegleda blant alle i Noreg innanfor teikneseriesjangeren. Folk les mindre teikneseriar enn før, og litt andre type seriar også, fortel festivalsjef Øyvind Naterstad.

Medan det var Donald Duck og fransk-belgiske teikneseriar som var mest populære då Naterstad først blei med å arrangere festivalen for 14 år sidan, har superheltane gjort eit byks dei siste åra.

Frå Donald til superheltar

Øyvind Naterstad
Foto: Espen Hobbesland / NRK

– Eg trur det er fordi superheltane har fått mange dyre filmar. Som til eksempel Avengers. Då eg var yngre var det Superman, Batman og Spiderman som gjaldt, men i dag finst dei eit langt større spekter av store superheltar som mange veit kven er, fortel Naterstad.

Sjølv om færre les teikneseriar generelt, har årets festival vore ein suksess.

– Vi har ikkje nøyaktige besøkstal, men det har vore mykje folk på mange av foredraga. Mitt inntrykk er at det er litt meir folk enn vanleg, fortel festivalsjefen.