Hopp til innhold

Randi vart permittert frå hotelljobben. No vaskar ho ambulansar

HAUKELAND (NRK): Randi Heimdal (31) er redninga for sjukehus som manglar arbeidskraft. Den permitterte kokken vaskar no ambulanse for å hindre koronasmitte.

Hotelltilsette steppar inn som ambulansemedarbeidarar.

NY KVARDAG: Randi Heimdal melde seg som reinhaldar for ambulansetenesta etter at ho vart permittert som kokk.

Foto: Øyvor Bakke

– Det er uvurderleg. Dei er heltane våre.

Attesten kjem frå Øyvind Østerås, lege ved Haukeland universitetssykehus.

For kort tid sidan gjekk sjukehuset ut og oppfordra folk til å melde seg som arbeidskraft.

Dei siste dagane har fleire enn 1100 meldt seg. I all hovudsak helsearbeidarar, men også permitterte frå andre bedrifter.

I samarbeid med Nav er målet å fange opp permitterte frå bedrifter som i desse dagar må nedbemanne.

Det same skjer i andre land. I Sverige har 300 kabintilsette i SAS meldt seg til teneste i helsevesenet.

Sjefen spurde

Randi Heimdal (31) jobbar til dagleg med å lage lekre rettar ved Bergen Børs Hotell i Bergen. Etter at ho vart permittert spurde sjefen om ho ville bidra med å vaske i Helse Bergen. Det ville ho.

– Eg håpar det hjelp slik at ting kan bli litt lettare for dei som faktisk må køyre ut att.

Randi Heimdal vaskar ambulansar for Haukeland universitetssykehus

HINDRAR SMITTE: Arbeidet Randi Heimdal utfører er særs viktig for å hindre smitte av koronaviruset.

Foto: Øyvor Bakke

Ho jobbar i ambulansen saman med ein kollega, som til dagleg er resepsjonist ved det same hotellet.

Arbeidet dei utfører er særs viktig. Ambulansane som har blitt brukt til transport av pasientar med smitte må vaskast ned. Det er avgjerande for å hindre at neste pasient eller ambulansepersonell blir smitta av korona. Om vasken blir borte, kan ambulansen bli ei smittebombe ut mot befolkninga.

– Vi vaskar alle kontaktpunkt og litt til, slik at alt er reint. I tillegg har vi fått god opplæring i kva og korleis vi skal kle oss. Eg føler det går veldig bra, seier ho.

Kokk blir reinhaldar i ambulanse

TIL NYTTE: Randi Heimdal håper innsatsen ho legg ned kan vere til nytte for Haukeland universitetssykehus.

Foto: Øyvor Bakke

Behov for hjelp

Med ein gong pasientane er frakta frå køyretøyet, set reinhaldarane i gong med å vaske ambulansen innvendig. Når ambulansepersonellet kjem att med den tomme båra, er bilen rein og kan vere klar til neste oppdrag umiddelbart. Helsepersonellet ser dagleg kor viktig innsatsen til dei permitterte er.

– Dei blir høgt sett på av ambulansepersonellet, og vi er ekstremt glad for at dei er her og hjelper oss. Dette er ein nyttig måte å bruke dei permitterte på, slik ta vi kan bli meir effektive i jobben ambulansepersonellet må utføre, seier lege Øyvind Østerås.

Øyvind Østerås, lege ved Haukeland universitetssykehus

GLAD FOR HJELP: Helsepersonellet set stor pris på arbeidet som permitterte utfører i desse dagar, seier lege Øyvind Østerås ved Haukeland universitetssykehus.

Foto: Øyvor Bakke

Randi Heimdal er førebudd på å jobbe i ambulansen så lenge det er bruk for henne.

– Eg håper ting roar seg og at vi snart kan gå tilbake til normalt, men så lenge vi er permitterte så har eg forhåpentlegvis jobb her. Då har eg i alle fall noko å gjere på.