Å hamne i verdas lengste tunnel når ein slit med tunnelangst, er ingen god ide. Og det var heller ikkje meininga, forklarte kvinna i Sogn tingrett. Ho kom køyrande frå Bergen og hadde svinga feil då ho oppdaga at ho var hamna inne i den over 24 kilometer lange Lærdalstunnelen.
Panikk
Det gjekk ikkje så bra. Angsten tok tak 36-åringen - ho fekk panikk, pustevanskar og byrja å sveitte. Og så gav ho bånn gass for å komme seg ut.
Medpassasjeren prøvde å roe ho ned, men det hjelpte lite.
Dette skjedde i oktober i fjor. Den automatiske trafikkontrollen viste at kvinna køyrde i 129 kilometer i timen i 80-sona.
Naudverje
Saka hamna altså i Sogn tingrett, der kvinna skaut seg inn under naudverje for å sleppe straff. Ho la fram grundig dokumentasjon og legeerklæring om tunnelangsten, som har vore eit problem sidan barndommen.
I tingretten fortalde kvinna at ho klarte å køyre gjennom kortare tunnelar. Men i Lærdalstunnelen bar det altså gale av stad.
Prella av
Argumenta prella av på retten, som meinte at ho i alle fall burde ha sett skiltet over tunnelopninga, at ho kunne ha stoppa og lete medpassasjeren køyre, eller lete vere å køyre frå Bergen i det heile, og i staden reist med fly. Kvinna vart dømd til fengsel på vilkår i 20 dagar, ei bot på 9000 kroner, ho mista førarkortet for eit halvt år og måtte også betale sakskostnader.