Hopp til innhold

Rådyr ramponerer kyrkjegarden

No vurderer Kvinnherad jakt på rådyr alt til hausten for å få slutt på at dei brukar kyrkjegardar og hagar som matfat.

Rådyr i hagen 12.11.08

Rådyr er hyppige gjestar i hagar og bed, og er meir aktive på dagtid enn hjort.

Foto: Picasa 2.7

– Kommunen vurderer om det vert rådyrjakt no i løpet av våren. I såfall vil sjølve fellinga skje i august.

Det seier Leif Trygve Varanes, vilforvaltar i Kvinnherad. Kommunen er alt den mest hjorterike i landet, men no har hjorten altså fått selskap av rådyr.

– Dei fyrste dyra slo seg ned på åttitalet, men dei siste par åra har me verkeleg merka at dei har vorte fleire, fortel Varanes.

- Ikkje set tulipanar på grava

Tulipaner

Tulipanar står øvst på ønskelista over rådyret sin favorittmat. Påskeliljer får derimot vera i fred.

Foto: Opplysningskontoret for blomster og planter

Då kyrkjegardsarbeiderane på Husnes kom på jobb onsdag sist veke, toppa det seg.

Heile femti graver hadde hatt besøk av dei svoltne gjestane. Dermed stod store delar av kyrkjegarden ribba tilbake.

– Vi måtte jo nesten sørgja for at dei pårørande fekk vita kva som hadde skjedd, seier gravstellar Alf Jarle Langeland.

Han jobbar på dei fleste kyrkjegardane i kommunen, og fortel at i år er det Husnes som er mest populær blant hjorten.

– Dei går vel etter der maten er best, nett som oss

Rådyrkalv

Søte er dei, men kan gjera stor skade. Rådyr beitar nemleg på dagtid og er dermed mindre blyge enn hjorten.

Foto: NRK

Langeland har ikkje sterke meiningar kor vidt det bør opnarst for felling av rådyr. Han nøyer seg med å gje NRK ei innføring i rådyrets kulinariske preferansar, slik at pårørande skal unngå at grava vert ramponert:

– Set for all del ikkje ut tulipanar, nellik eller roser, seier han.

Det er nemleg rådyra sin absolutte favoritt.

Påskeliljer får derimot utan unntak stå i fred. Kanskje ei trøyst fram mot våren?

I Kvinnherad er det no kommunen og viltforvaltinga som skal avgjera rådyra sin lagnad framover. Men noko nøyaktig oversyn over kor mange dyr som finst, har ein ikkje, seier viltforvaltar Leif Trygve Varanes:

Men at dei er mindre sjenerte enn hjorten, gjer nok sitt til at folk legg meir merke til dei, påpeikar han.

I motsetjing til den meir kjende slektningen sin hjorten, er rådyret nemleg meir usjenert og heldt seg ikkje for godt til å beita i både hagar, bed og kyrkjegardar òg på dagtid.

I tilegg er dei nok meir begeistra for blomar enn hjorten, avsluttar Varanes.

Det siste er noko kyrkjegardsarbeidar Alf Jarle Langeland kan skriva under på:

– No er eg ingen rådyrekspert, men for oss er det ikkje tvil om at rådyra ser ut til å føretrekkja pyntevekstar og blomster på ein anna måte enn hjorten, seier han.