Hopp til innhold

Rådmenn på sponsa turar

Reiste til Dublin, Helsinki, Reykjavik og Berlin.

Potsdamer Platz, Berlin
Foto: NRK/Studio Sokrates

Selskapa Kommunekreditt, KLP og Kommunalbanken har sponsa rådmenn frå Nordfjord og Sunnmøre med fleire turar til europiske storbyar.

Sju Nordfjordkommunar

Dei tre selskapa deltok på og spytta inn mellom anna inn 80.000 kroner til ein rådmannstur til Wien i fjor.

Selskapa har kome med viktige økonomiske bidrag til turane. Det innrømmer Rune Sjurgard, leiar i rådmannslaget.

- Det ligg inne i ei totalrekning; det blir dekka dels av samarbeidspartnarar og eigendelar, seier Rune Sjurgard.

Sunnmøre rådmannslag består av alle kommunane på Sunnmøre pluss sju kommunar i Sogn og Fjordane. Desse er Nordfjordkommunane Bremanger, Selje, Eid, Vågsøy, Gloppen, Stryn, Hornindal. Ein populær aktivitet har vore å reise på seminar til ulike europeiske storbyar.

Storby-turar

I fjor var rådmennene på ein fire dagars sponsa tur til Wien. Då var det kommunekreditt, KLP og kommunalbanken som betalte ein gode del av gildet. Kommunekreditt betalte åleine 50.000 kroner.

Ander byar som har vore besøkte, er mellom andre Dublin, Helsinki, Stockholm, Reykjavik og Berlin. Sjurgard avviser at dei har vore med på reine smøreturar.

- Ikkje smøreturar

- Nei, eg vil ikkje kalla det det. Det er normalt at ein leverandør som har kundar kan invitere til faglege samlingar. seier Sjurgard.

- Har de vedtatt etiske retningsliner i rådmannslaget?

-Vi er ein fagleg interesseorganisasjon, så det vil forsåvidt ikkje vere naturleg at ein der har eigne reglement for organisasjonen.

- Ser de ikkje at desse kan ha baktankar med å betale desse turane. Dei får gode kontaktar, de reiser på turar, og held kanskje fram med å vere kundar for desse selskapa?

- Eg har bare vore på ein slik tur. Men om desse faglege opplegga er i utlandet eller i Norge, så vil kostnadane vere omtrent dei same, seier Sjurgard.

- Minner om smøring

Jan Borgen i Transparency International, eit selskap som kjempar mot korrupsjon og smøring, seier Sunnmøre Rådmannslag sine sponsa turar minner om rein smøring:

- Eg er veldig skeptisk til at toppane i kommune-Norge reiser med på sånne turar. Det ein må krevje, er at det er solid fagleg innhald og at kommunane betaler det meste av utgiftene. Mange av disse turane utanlands er rein smøring.

- Tenderer dette også mot korrupsjon?

- Det er glidande overgang mellom smøring og korrupsjon, så det er ikkje så lett å vite når ein har passert grensa. Får ein store fordelar, til dømes betalt reise og opphald til ein verdi av over 5-7000 kroner, så er det over grensa for det som er tillate, seier Borgen.

Vurdere på nytt

Etter at NRK satte søkelys på saka, har Sunnmøre rådmannslag bestemt seg for å arrangere ekstraordinært årsmøte for å finne vegen vidare.

-Vi skal ha eit møte 8. april, og eg har óg kontakta KS for å få dei til å gje ei vurdering, seier Sjurgard.

Sjurgard synest ikkje det er kritikkverdig at saka må bli avslørt i media før dei tek det opp i rådmannslaget.

- Vi har tatt opp dette omtrent kvart år, men når det no er reist spørsmål gjennom media, synest eg det er naturleg å vurdere dette på nytt.

Innrømmer økonomiske bidrag

Administrerande direktør Arnulf Arnøy i Kommunekreditt innrømmer at dei har vore ein viktig økonomisk bidragsyter til rådmennene sine turar.

- Vi har bidratt med enkeltbeløp for å være ein positiv bidragsyter på konferansane.

- Ikkje lukrativt

Arnøy avviser at det er lukrativt for dei å sponse desse turane.

- Eg veit ikkje om dette er noko meir lukrativt enn noko anna. Dette er ein praksis som har utvikla seg i markedet. Viss nokon meiner dette er ein uheldig aktivitet hos rådmannslaga, så skal vi sjølsagt gå gjennom dette og sjå om vi skal halde fram med det.