Hopp til innhold

Rådmannen nektar å skrive under på kommunale rekningar

FØRDE (NRK): Jølster kommune bygger ny fotballhall. Rådmannen i kommunen vil ikkje skrive under på rekningane.

Fotballhallen i Jølster

NEKTER: Jølster kommune bygger ny fotballhall. Rådmannen i kommunen vil ikkje skrive under på rekningane.

Foto: Reidar Helgheim

«Situasjonen har vore særs utfordrande», skriv rådmann Ellen Jensen i eit ferskt notat ho har stila til den nye kommunedirektøren i Sunnfjord kommune, Ole John Østenstad.

Bakgrunnen er sterk usemje om finansieringa av den nye fotballhallen på Skei i Jølster.

Ellen Jensen, rådmann i Jølster

SETT PÅ SIDELINA: Rådmann Ellen Jensen i Jølster fortel at ho er sett på sidelina i samband med utbygginga av fotballhallen på Skei. Ho seier situasjonen har vore svært utfordrande.

Foto: Bård Siem / NRK

Som rådmann i Jølster kommune kunne Jensen ikkje gå god for fotballhallen til nær 70 millionar kroner. Kommunepolitikarane svara då med å sette ned ei arbeidsgruppe til å drive arbeidet vidare, utanfor kommunen si administrative styring.

«Ei anna organisering av prosjektet enn det som følgjer av kommunen sitt vedtekne reglement», kvitterer rådmannen.

– Eg er usikker på om reglane for offentlege innkjøp er følgde. Eg er også usikker på om økonomireglementet, retningslinene for investeringsprosjekt og dei etiske retningslinene i kommunen er følgde, seier Jensen.

– Har ikkje vore borti maken

Frå 1. januar neste år er Jølster ein del av nye Sunnfjord kommune. Rådmann i den nye kommunen, Ole John Østenstad, stiller seg undrande til korleis hallprosjektet på Skei har vore organisert.

– Eg har aldri vore borti maken. I Førde kommune har store byggeprosjekt av denne type vore styrt av administrasjonen. Det er viktig, for det kan ikkje vere tvil om kven som skal ha ansvaret for denne type byggeprosjekt, seier han.

Ole John Østenstad, rådmann i Sunnfjord.

KREV FULL GJENNOMGANG: Rådmann i nye Sunnfjord, Ole John Østenstad, vil ha alle fakta på bordet i samband med bygginga av fotballhallen på Skei.

Foto: Bård Siem / NRK

Østenstad vil no ha full gjennomgang av byggeprosjektet på Skei.

– Det som hastar mest er å sikre at avtalane som er inngått med entreprenørar blir følgde opp og at dei er gode nok. Vi må også finne ut om finansieringsplanen held mål, seier han.

Rådmannen legg til at han også vil ha ein gjennomgang av hallprosjekta på Vassenden, Bygstad og Halbrend.

Tek ikkje sjølvkritikk

Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster ser ingen grunn til å ta sjølvkritikk.

– Det ville ikkje vorte noko fotballhall på Skei dersom administrasjonen hadde styrt prosessen. Vi ville ikkje hatt finansiering til å kunne bygge hallen, seier han.

Oddmund Klakegg, ordførar i Jølster

TEK IKKJE SJØLVKRITIKK: Det ville ikkje vorte noko fotballhall på Skei dersom administrasjonen hadde styrt prosjektet, seier Oddmund Klakegg, Sp-ordførar i Jølster.

Foto: Bård Siem / NRK

Klakegg viser til at arbeidsgruppa har gjort ein svært god jobb med mellom anna å få 10 millionar i gåvemidlar frå milliardær Trond Moen.

Av ei samla kostnadsramme på 70 millionar skal Jølster kommune dekke 22,4 millionar.

Rådmannen har nekta å godkjenne fakturaene i samband med hallutbygginga fordi ho ikkje kan gå god for prosjektet. Kva kommentar har du til det?

– Det er leit at vi ikkje tidlegare har kome fram til ei ordning for byggeprosjektet. No blir det overteke av Sunnfjord kommune, og då reknar eg med det kjem inn i ordna former.

Rådmann Jensen er usikker på om ei rekkje reglar er følgde i samband med bygginga av hallen på Skei. Kva kommentar har du til det?

– Eg har ikkje så mange kommentarar til det, men merkar meg at dei har klart å bygge store idrettsanlegg mange andre stader. Kvifor skal vi ikkje klare det i Jølster, spør ordføraren.

– Er det noko du ser grunn til å ta sjølvkritikk for i saka?

– Nei, det gjer eg ikkje.

Fotballhallen i Jølster

UTFORDRANDE: «Situasjonen har vore særs utfordrande», skriv rådmann Ellen Jensen i eit ferskt notat ho har stila til den nye kommunedirektøren i Sunnfjord kommune, Ole John Østenstad.

Foto: Reidar Helgheim