Hopp til innhold

Rådmannen i Samnanger går av

Mens kommunen står midt i konfliktar om barnevernet, har rådmannen sagt opp jobben sin. Av personlege årsaker, understrekar ho.

GÅR AV: Rådmann Charlotte Hageberg i har rydda opp i Samnanger kommune dei siste tre åra.

GÅR AV: Rådmann Charlotte Hageberg i har rydda opp i Samnanger kommune dei siste tre åra.

Foto: Privat

Charlotte Hageberg har for tida ferie, men stadfestar overfor NRK at ho har sagt opp jobben sin som rådmann i Samnanger kommune.

– Det er av heilt personlege årsaker, seier Hageberg om oppseiinga.

Kommunen braut nyleg sitt samarbeid med barnevernstenesta i Bergen, noko dei fekk kritikk for frå leiarar for skular og barnehagar i Samnanger.

Det skjedde etter eit par knusande granskingsrapportar om barnevernet, som rådmannen stod for.

Kommunen har fått nasjonal merksemd og fleire presseoppslag etter prosessane denne våren.

Avviser samanheng

Hageberg avviser at oppseiinga hennar har noko å gjere med korleis kommunen har handtert barnevernssaka.

– Mine prosessar har halde på lenge før den tid. Dette handlar om eigen helse. Dette har overhovudet ingen politiske årsaker. Eg er veldig lei meg for å slutte. Det er 100 prosent mitt val at det skjer, seier ho.

Har rydda i «gamal moro»

Ho seier også at ho har hatt eit godt samarbeid med politisk leiing sidan ho starta i jobben i 2017, men at ho har måtta rydde opp i mykje «gamal moro» og «lik som har kome ut av skapet».

– Vi har brukt tre år til å rydde i veldig mykje i kommunen. For den nye rådmannen som kjem inn blir det vesentleg mykje kjekkare. No er organisasjonen mykje meir trimma, seier den avtroppande rådmannen.

Det er uklart kva dato ho går av på. Ho veit ikkje heilt kva ho skal gå til vidare.

13. august blir det ekstraordinært kommunestyremøte i Samnanger. Då skal kommunen starte prosessen med å tilsette ein ny rådmann.

– Nok tid til nytt system

– Korleis trur du folk vil tolke at du går av no?

– Organisasjonen kjenner meg godt. Eg trur ikkje det blir noko problem. Eg har vore tydeleg i barnevernssaka heile vegen og står for det eg har sagt.

– Kva synest du om kommunestyrets avgjersle om å bryte samarbeidet med barnevernet i Bergen?

– Som administrasjon skal eg ikkje ha nokon meining om det. Mitt forslag til vedtak var å bruke litt meir tid. Det blei nedstemt og det får vi berre stelle oss til. Dei har eit heilt år på seg til å få på plass eit eige system, og det er meir enn nok tid til å ordne det innan den tida, seier Hageberg.

Får takk av ordføraren

Ordfører Knut Harald Frøland i Samnanger kommune

LEI SEG: Ordførar Knut Harald Frøland.

Foto: Ida Yasin Andersen

Ordførar Knut Harald Frøland er lei seg for at rådmannen no går av.

– Eg vil takke rådmannen for den enorme jobben ho har gjort. Eg trur ikkje vi kunne ha hatt ein betre rådmann i desse tre åra. Det har vore mange tøffe kampar for ho sidan ho kom inn. Ho har gjort ein utruleg god jobb, og eg er imponert over alt ho har stått i, seier Frøland.

Han seier dei har hatt eit utmerka samarbeid.

– Vi har ikkje vore einige i alle situasjonar, men det skal vi heller ikkje vere. Det er ingen som helst grunn til å tru at dette er på grunn av meg eller barnevernssaka. Eg synest Charlotte har gjort ein kjempejobb, og hadde håpa at ho skulle halde fram, seier ordføraren.

Den førre rådmannen, Tone Ramsli, gjekk av i 2016 etter 28 år i kommunen.

Eldre industriområde langs Tysseelva.

SAMNANGER: Den vesle kommunen i Vestland har fått mykje merksemd grunna granskinga av eige barnevern.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK