Hopp til innhold

Rådmann meiner regjeringa driv med symbolpolitikk

FØRDE (NRK): Regjeringa har kutta i eigedomsskatten for å gje folk flest betre økonomi, men fleire kommunar melder no at innbyggjarane aldri kjem til å sjå dei pengane.

Kommunedirektør i Sunnfjord kommune Ole John Østenstad

IKKJE EFFEKT: Ole John Østenstad trur ikkje skattekutta til regjeringa vil ha stor effekt i Sunnfjord kommune.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Når vi som kommune mister store inntekter som vi er avhengige av, så vil vi prøve å finne andre løysingar som gjer at vi klarer å behalde dei inntektene, seier Ole John Østenstad.

Han er nyleg tilsett som kommunedirektør (tidlegare rådmann) i den nye storkommunen Sunnfjord.

I budsjettforhandlingane med dei andre borgarlege partia i haust, vann Framstegspartiet fram med at eigedomsskatten skal kuttast. Frå neste år får ikkje kommunar lov til å ta inn meir enn 5 promille i eigedomsskatt, mot 7 i dag. Dei må også redusere skattegrunnlaget, altså verdiane på eigedomane i kommunane, med 30 prosent.

Målet til Frp var at det skulle gje meir pengar igjen til folk flest, men Østenstad har ikkje noko tru på det.

– Det er symbolpolitikk. Folk vil ikkje få noko mindre i eigedomsskatt, for kommunane har ikkje råd til å miste så store inntekter frå eigedomsskatten.

Njåstad: – Då må vi berre kutte endå meir

Finanspolitisk talsperson i Frp Helge Andre Njåstad tykkjer det er ein viktig siger for Framstegspartiet at dei har sikra gjennomslag for lågare eigedomsskatt for mange nordmenn. Han blir irritert av å høyre argumenta til Østenstad i Sunnfjord.

– Det er sørgjeleg å høyre at kommunalt tilsette jobbar for å kunne ta mest mogleg pengar i skatt frå befolkninga, i staden for å glede seg over at folk har fått mindre skatt og kan behalde meir av sine eigne pengar.

Njåstad seier at om fleire kommunar gjer det same som Sunnfjord, vil det berre gjere at Frp aukar sin innsats for å kutte i skattane.

– Dersom kommunane gjer slik at folk ikkje får mindre skatt, så må jo vi berre halde fram med å kutte i skattane heilt til folk har fått reelle skattekutt.

Helge Andre Njåstad

VIL KUTTE MEIR: Helge André Njåstad og Frp sitt svar til Østenstad er at dei vil halde fram med å kutte endå meir i eigedomsskatten.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

KS er einig med Østenstad

Direktør for interessepolitikk i KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon) er einig med kommunedirektøren i Sunnfjord i at dei fleste kommunar vil finne andre løysingar enn å gje innbyggjarane sine mindre eigedomsskatt.

– Vi kan jo ikkje vite det sikkert endå, men eg trur det er stor grunn til å forvente at dei fleste kommunar vil finne måtar å unngå å miste inntektene frå eigedomsskatten.

Eide trekkjer mellom anna fram at mange kommunar har høve til å taksere eigedomar på nytt eller å senke botnfrådraget på eigedomsskatten. Ein god del kommunar kan også auka satsen på skatten for å kompensere for kuttet til regjeringa.

Helge Eide

SAMD: KS og Helge Eide trur Ole John Østenstad har rett i at mange kommunar vil finneløysingar som gjer at dei ikkje treng å ha lågare eigedomsskatt.

Foto: Johnny Syversen / KS

Alle desse grepa vil føre til at du som innbyggjar i ein kommune ikkje får lågare skatt.

– Kuttet til regjeringa vil føre til rundt ein milliard kroner i mindre inntekter til kommunane, og for mange vil det bety mindre pengar til skular og kulturtilbod. Då er det betre for mange kommunar å heller hente inn det inntektstapet.