Radio Røysi-arkiv

Kvar fredag ettermiddag kan du høyre Radio Røysi med Ole Johannes Øvretveit på NRK Sogn og Fjordane.

Ole Johannes Øvretveit
Foto: NRK

På denne sida finn du Radio Røysi frå 2006 til 2008.

For nyare utgåver av Radio Røysi må du klikke her.

Kvar veke kan du mellom anna høyre Viksdalens store son, fritenkjar og visjonsleverandør Bjarte Børstebråten. I studio har Geirmund Henjum, velkjend frå Fjogningjuryen gjennom mange år, ei sentral rolle. Revyentusiasten Roy Aron Myklebust leverer også stoff til programmet, som går i reprise i føremiddagssendinga måndagen etter.

Radio Røysi som podkast

Radio Røysi podkast
Foto: NRK

Du kan også få Radio Røysi som podkast. Du kan laste ned programmet til mp3-spelaren din, slik at du kan høyre det når det passar deg. Det er enkelt å komme i gang med å lytte til podkasting.

Først må du laste ned ei programvare for å kunne motta podkast. Programvaren, som er gratis, sørgjer for å hente podkastene til datamaskinen din.

Velg at du skal abonnere på podkast, og lim inn denne lenka:

http://podkast.nrk.no/program/nrk_sogn_og_fjordane.rss

Treng du hjelp til å komme igang, kan du klikke på lenka under.

Podkasting - slik gjer du det

Til PC, mp3-spelar eller mobiltelefon

Når programmet er lasta ned, kan du høyre det frå PC-en eller overføre det til mp3-spilleren din. Du kan også overføre det til nyare mobiltelefonar.

Det er heilt gratis å laste ned Radio Røysi som podkast. Vi sender ut ein podkast kvar fredag, og innhaldet er tilgjengeleg i sju dagar etter at det er sendt ut.

Heile podkast-tilbodet til NRK