Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 25. desember

For mange er spel og quiz ein viktig del av moroa i jula. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag i romjulshelga og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane
Foto: Christian Blom/Finse 1222/NRK/Thomas Bickhardt

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får ein sekk med julegodis. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Den blir kalla den mest populære sykkelvegen i Norge. I sommar skapte snø store problem for dei som ville ta turen her. Kva heiter sykkelvegen?
  2. Kva er fellesnemnaren for Alden, Silda, Batalden, Kinn og Losna?
  3. Kva heiter nettsida der NRK samarbeider med Meteorologisk institutt for å halde deg oppdatert på vêret?
  4. Vågsøy fekk kvinneleg ordførar etter valet i haust. Kva heiter ho? Vi vil ha førenamnet.
  5. Sogn og Fjordane produserer vel ti prosent av den samla produksjonen på landsbasis av denne frukta. Kva frukt er vi ute etter?
  6. Frå kontoret sitt held operatørane på Vegtrafikksentralen oversikta over stoda på vegane i fylket. I kva kommune i Sogn og Fjordane held dei til?
  7. To brør frå Nordfjord er blant verdas beste i denne vintersporten. Kva sport er vi ute etter?
  8. Etter over 30 år i NRK Sogn og Fjordane gjekk superveteranen av i vår, 70 år gamal. Under valet i haust gjorde han ein gjesteframferd som kommentator. Kva heiter han? Vi vil ha førenamnet.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lukke til!