Hopp til innhold

Pusta inn røyk på Knarvik vgs.

To personar får tilsyn av helsepersonell, etter å ha pusta inn røyk på Knarvik vidaregåande skule. Politiet og brannvesenet er no på staden, og bekreftar at det er røykutvikling i første etasje. – Det skal førebels ikkje vere observert flammar, seier operasjonsleiar i politiet, Morten Kronen.