Hopp til innhold

Pussar opp sjukeheimskjøken – no vil byrådet legge det ned

Byrådet vil spare 4,4 millionar kroner på å legge ned to sjukeheimskjøken i Bergen. – Trist, meiner tilsette og bebuarar ved Kolstihagen sjukeheim.

Wenche-Line Bergstad

FORFERDELEG SYND: Wenche-Line Bergstad (68) er nøgd med maten ho får ved Kolstihagen sjukeheim. – Eg liker ikkje tanken på at de skal legge ned her, seier ho.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas

– Det kan bli meir arbeid på dei som jobbar i pleia. Dei må varme maten dersom dei får den kald, seier Elin Ellertsen, kjøkensjef på dei tre sjukeheimskjøkena i Bergen kommune.

For no vil byrådet legge ned to av dei, noko dei meiner å kunne spare 4,4 millionar kroner på i budsjettet for 2021.

I staden skal dei eldre bebuarane ved sjukeheimane Lyngbøtunet på Laksevåg og Kolstihagen på Nattland få mat frå Matvarehuset, som leverer mat til andre sjukeheim.

– Det vil bli veldig trist om det skjer, seier ho.

Elin Ellertsen, kjøkensjef på dei tre sjukeheimskjøkena i Bergen kommune.

MEIR ARBEID: Dersom byrådet legg ned sjukeheimskjøkenet ved Kolstihagen kan det bli meir arbeid for dei som jobbar i pleia, meiner Elin Ellertsen, kjøkensjef på dei tre sjukeheimskjøkena i Bergen kommune

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas

Likar ikkje tanken

Sjukeheimen serverer tradisjonsrik mat til bebuarane. Dei får fisk tre dagar i veka, kjøt fire dagar i veka og graut til lunsj kvar laurdag. Etter kvart måltid ventar ein søt dessert.

Bebuar Wenche-Line Bergstad (68) ved Kolstihagen sjukeheim synest det er trist at byrådet vil legge ned sjukeheimskjøkenet.

– Det synest eg er forferdeleg synd. Eg liker ikkje tanken på at dei skal legge ned her, seier ho.

– Du får ferskare mat og slepp mat ein må varme opp att. Og eg trur maten er betre, seier ho om måltida ho får av sjukeheimskjøkenet.

Bergstad understrekar at dette gjeld folks helse og meiner byrådet må finne andre ting å kutte.

Under oppussing

Kjøkensjef Ellertsen fortel at kjøkenet på Kolstihagen er under oppussing nokre veker no, for å skifte ut eit 25 år gamalt golv. Eit kjøken byrådet no vil legge ned.

Ho forstår ikkje heilt korleis kommunen skal få til å spare så mykje pengar når kjøkenpersonalet er tilsett i kommunen.

Kollstihagen

PUSSAR OPP: sjukeheimskjøkenet ved Kolstihagen er under oppussing. Likevel vil byrådet i Bergen legge det ned.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas

Barbro Vik, einingsleiar ved Lyngbøtunet sjukeheim, seier dei har eit fullt fungerande kjøken og god mat å tilby dei eldre.

– Det er veldig dumt for bebuarane våre og dei som jobbar på kjøkenet at vi kjem opp som kuttforslag i budsjettet på andre året. Det er synd å ha den uvissa, seier Vik.

– Smålege kutt

Nedlegginga av kjøkena er det gruppeleiar Mikkel Grüner i SV kallar «eitt av ei rekke smålege kutt» i neste års budsjett.

Heller ikkje Sps Anne Brit Reigstad synest noko om det.

– Vi har tvert imot hatt som mål å innføre kjøken ved dei enkelte sjukeheimane. Vi tenker at kutt er ei dårleg løysing overfor bebuarane, seier Reigstad.

I fjor sørga dei to partia for at byrådet fekk gjennom budsjettet sitt, og dei er klare til å forhandle i år også.

– Vi har hjelpt dette byrådet med å fikse budsjetta deira før, og det gjer vi gjerne igjen, seier Grüner.

Mikkel Grüner, gruppeleiar i SV

KRITISK: Mikkel Grüner, gruppeleiar i SV, kallar kjøkenkuttet for «småleg».

Foto: Thomas Thorsen / NRK

Eldrerådet reagerer kraftig

Eldrerådet i Bergen reagerer kraftig på forslaget. Dei vil helst ha kjøken på alle sjukeheimar.

– Vi skal ikkje spare pengar på dei eldre. Dei har hatt nok problem i desse koronatider. Vi er opptekne av å legge høva best mogleg til rette for dei eldre, og det inkluderer kjøken på sjukeheimane, seier leiar Nils Mæhle.

Byråden forsvarar kuttet

Byrådet avviser at dei eldre vil få dårlegare mat, og forsvarar kuttforslaget.

– Eg har smakt maten Matvarehuset leverer, og den er veldig god. Våre undersøkingar viser at dei aller, aller fleste av bebuarane og dei som får levert maten heim, meiner at den tilfredsstiller ønsker og krav til god kvardagsmat, seier byråd for eldre, helse og frivillig innsats, Beate Husa.

– Korleis skal de spare 4,4 millionar kroner når dei tilsette ikkje kan bli sparka?

– Ingen vil bli oppsagt. Om dette blir vedteke, vil kommunen tilby dei tilsette omplassering og sjå etter stillingar der dei kan nytte kompetansen sin på ein relevant måte.

Ho peikar på at det stadig er naturlege avgangar blant dei rundt 19.000 tilsette i kommunen, og at dei kan spare på den måten.

Sjukeheimsbebuarar skal få same mengde god mat, men at dette blir levert av Matvarehuset i staden for at maten blir produsert på sjukeheimen, seier Husa.

Beate Husa

FORSVARAR KUTT: Helsebyråd Beate Husa, fotografert på ein pressekonferanse førre veke.

Foto: Valentina Baisotti / NRK