Lovar fest når Pushwagner kjem til fylket

Til sommaren kan du oppleve Pushwagner sine bilde på utstilling i Måløy.

Created by InfoDispatcher

GLER SEG: Anette Gil frå Måløy gler seg til å ta med kunstnaren Pushwagner til heimplassen i sommar. Foto: Karl Kristian Langeland

– Utstillinga skal opnast i slutten av juni, og han har sagt at han blir med på opninga i Måløy, så lenge forma er fin. Det blir flott, nesten som 17. mai og meir til. Det blir alltid fest når Pushwagner kjem, seier Anette Gil.

Ho er opphavleg frå Måløy og jobbar for den kjende kunstnaren i galleriet på Tjuvholmen i Oslo.

Pushwagner er kunstnarnamnet til Terje Brofos, som vart fødd i Oslo 1940. Han er rekna som éin av Norges mest kjende samtidskunstnarar.

– Det er veldig inspirerande å jobbe her. Eg får mykje impulsar til musikken, seier Gil, som tidlegare spelte i bandet «Seven», og som no har komme med soloplate sjølv.

Har hatt eit anna liv enn folk flest

Ho lovar at kunstnaren kjem til å gjere litt av ein entré når han kjem til fylket.

– Kjem han til å komme i ein ikonisk rosa bil, slik som ein ofte ser på bileta hans?

– Vi får sjå. Han skal iallfall hentast på Sandane. Så får vi sjå om det er nokon som har ein rosa bil i Sogn og Fjordane, seier Gil.

Ho trivst godt med å jobbe for Pushwagner.

Pushwagner

SÆRPREG: Pushwagner fekk i 2008 prisen for beste utstillar på Høstutstillingen.

Foto: Dang Trinh

– Han er ein fantastisk fyr. Han er spesiell og har hatt eit litt anna liv enn dei fleste av oss, fortel Gil.

Pushwagner har vore uteliggjar, og har kjempa hardt for kunsten sin i mange år.

– I ein alder av snart 74 år har han fått sjansen til å bli kjend og få selt bileta sine, seier Gil.

Finst ingen typisk Pushwagner-kunde

Kunstverka til Pushwagner er prisa frå 5.000 til ein halv million kroner.

– Det er hovudsakleg oljemåleria som er dyrast. Trykka, som han ønskjer skal vere tilgjengelege for folk flest, ligg på mellom 5.000 til 50.000 kroner, seier Giil.

Ho legg til dei fleste prisklassane kjem til å vere representerte i Måløy til sommaren.

– Ikkje dei aller dyraste, men frå 5.000 til 200.000 kroner, seier Gil.

Ho fortel at det ikkje finst nokon typisk Pushwagner-kunde.

– Det er alt frå konfirmantar som ønskjer seg bilete til konfirmasjonen, til eldre folk som har spart lenge for å kjøpe seg dyrare bilete, seier Gil.

Også ho har skaffa seg ein eigen Pushwagner.

– Eg er så heldig at eg har det, ja, ler Gil.