Engelskmannen Lewis Gordon Pugh starta si ferd mot ny verdsrekord i kaldt vatn inst i Sognefjorden for 12 dagar sidan. 120 kilometer seinare har han blitt viden kjent både i nasjonale og internasjonale medier.
Mykje PR
Enno ventar mange fleire medieoppslag, og ikkje minst ein stor dokumentar som skal gå på National Geographic Channel seinare i år. Det er snakk om reklameverdiar for millionar, og styreleiar Arne Glenn Flåten og Visit Sognefjorden set stor pris på at dei får så mykje PR'en, endåtil heilt gratis.
Nye utfordringar
Flåten seier Visit Sognefjord vil prøve å utnytte denne effekten til neste år. Han vonar at andre symjarar vil prøve å slå verdsrekorden til Pugh.