Hopp til innhold

Pudderalarm på fjellet og farevarsel for snø

Dei som elskar pudderføre kan glede seg til helga, men vere obs på fleire snøskred-varsel.

Oddhild Saure og Henning Langeland, Stryn

ENDELEG: Oddhild Saure og Henning Langeland var raske å komme seg opp på fjellet etter det siste snøfallet på vestlandet.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Sol og skiføre.

Det er det som møter skientusiastane på vestlandet torsdag.

– Det er heilt nydeleg, seier Oddhild Saure og Henning Langeland som brukte torsdag formiddag på topptur i Stryn.

Nokre kilometer sør i landet, nærare bestemt Sogndal, var det fleire som ville teste pudderføret.

– Dette har eg venta på. Det er pudderstemning i skitrekket, seier Agnethe Hjelmeland Ørnehaug, som har tatt turen til Hodlekve skisenter.

Agnethe Hjelmeland Ørnehaug i Hodlekve skisenter.

Agnethe Hjelmeland Ørnehaug har venta på skikkelege skiforhold på vestlandet.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Etter ein vinter med lite snø i vest, har snøen det siste døgnet lava ned. Ved Folgefonna skisenter er det kome 70 cm, og meir snø skal det bli inn i helga.

– I dei klassiske skiområda i indre strøk kan det på Austlandet komme 5–10 cm, men i dei høgaste skiområda på vestlandet kan det komme 20–30 cm med nysnø, seier meteorolog Martin Granerød.

Ein av stadane det er venta mest nysnø i vest er i Myrkdalen på Voss. Der er det venta opp mot 30 cm snø.

I samband med det kommande snøfallet er det sendt ut gult farevarsel for delar av vestlandet. Det er venta mellom 10–30 cm snø i indre og midtre strøk.

Gult farevarsel for snø

Varselet vil gjelde frå torsdag kveld til fredag morgon.

Foto: Twitter: @meteorologene

To meter med snø

I Stryn i Vestland er det målt over to meter snø i tusen meters høgde.

– Dette betyr alt. Alle skisenter treng snø, så jo meir jo betre, seier Rolf Olav Flo ved Stryn Vinterski.

Rolf Olav Flo med to meter snø i Stryn

Rolf Olav Flo sin målestokk på to meter kjem til kort på fjellet i Stryn.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Men med mykje nysnø betyr også at ein bør vere varsam.

Det er gult farevarsel for snøskred i nord og oransje farevarsel i vest.

Mykje snø i vente, snøskredfare fleire stader

Folk blir bedt om halde seg unna brattare terreng enn 30 grader.

Foto: Twitter: @meteorologene

Det er også gult farevarsel for snøfokk på fjellovergangane, så folk som skal reise frå vest til aust bør sjekke vêrmeldingar før dei legg ut på turen.

Utfordrande køyreforhold i aust

Men det er ikkje berre på fjellet at helgeværet gjev utfordringar, men også på vegane i det sentrale austlandsområdet.

– Det kan bli utfordringar i morgontrafikken fredag, så ein bør rekne med ekstra tid med tanke på snøvêret som kjem allereie i natt, seier statsmeteorolog Martin Granerød.

Det vil også gjelde i indre strøk på vestlandet, langs kysten vil det kome som nedbør.

Fin start på helga i Nord

I Nord-Noreg vil det vere ein fin start på helga med lange periodar med sol og fint vintervêr både fredag og laurdag.

– Så vil lågtrykket komme nordover og det vil gradvis bli skyer og dårleg vær, seier statsmeteorologen.

I Sør-Noreg vil to lågtrykk prege helgeværet.

– Det startar med dårleg vær, før ein får ein liten pause frå fredag kveld til laurdag, før eit nytt lågtrykk kjem inn og det blir nedbør og snø igjen, seier Granerød.

Stryn

Det er venta meir snø i indre strøk av landet.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK