Hopp til innhold

For tre år sidan fant ho draumejobben her - i år synte ho sjølv fram kva fylket har å by på

For åttande året ønskte næringslivet i Sogn og Fjordane velkomen til Karrieremessa i Grieghallen i Bergen. Førde-jenta Silje Aakre Solheim stod denne gongen på andre sida av standen.

Silje Aakre Solheim NVE karrieremesse

TILBAKE: I 2011 var ho sjølv på karrieremesse på leit etter kva ho skulle ta seg til. I år stod ho sjølv på stand for å vise kva fylket har å tilby.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

På NVE sin stand står i år Silje Aakre Solheim frå Førde. For ikkje så mange år tilbake var ho sjølv blant dei som gjekk på Karrieremessa og såg på moglegheitene ho hadde.

– Eg var ferdig utdanna biolog i 2011 og lurte på kva eg skulle finne på. Så møtte eg opp på messa her og hadde eigentleg ikkje så store forventningar i og med at etterspurnaden etter biologar ikkje er stor, fortel Aakre Solheim.

På veg gjennom alle stand på karrieremessa den gongen møtte ho nokon hyggelege folk hjå NVE (Norges vassdags- og energidirektorat).

– Dei hadde tilfeldigvis ei ledig stilling som eg søkte på, og så fekk eg jobb. Då blei det heim til vakre Sogn og Fjordane, så det var ein fordel, fortel ho.

Rekordmange

Gro Rukan

REKORD: Dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Karrieremessa i år slo alle rekordar. Med over 600 studentar og andre interesserte på plass på Sogn og Fjordane si karrieremesse i Bergen onsdag vart det sett ny publikumsrekord. Over 60 stands var det publikum hadde å boltre seg i denne dagen.

Dette var åttande gongen Næringslivet i fylket ønskte velkomen til fagleg og sosialt møtepunkt for å synleggjere kva fylket har å by på av spennande arbeid og kva som finst av moglegheiter.

Dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan har fått mange gode tilbakemeldingar frå dagen.

– Dei er veldig positive, både bedriftene, studentane og dei nyutdanna som var der, så var stemninga god. Folk opplevde at dei fekk til gode samtalar, og nokre trefte potensielle arbeidstakarar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Over 600 studentar og andre interesserte ville sjå kva Sogn og Fjordane har å by på av spennande arbeid då Næringslivet i Sogn og Fjordane for åttande året arrangerte karrieremesse i Grieghallen i Bergen i går.

FULLT: Mange møtte opp på Karrieremessa i Grieghallen i Bergen. Foto: Karl

Angrar ikkje

Under karrieremessa onsdag stod Aakre Solheim sjølv på stand for å vise fram NVE og lokke ungdom tilbake til Sogn og Fjordane.

– Vi kan tilby spennande arbeidsoppgåver i eit veldig godt miljø med stor variasjon i utdanning og kunnskap hos folk. I tillegg kjem jo den fine naturen. Dette vil vi tilby til dei som ønskjer å flytte heim, eller dei som kjem som nye til fylket, fortel ho.

Sjølv angrar Aakre Solheim ikkje på at ho forlét Bergen til fordel for Sogn og Fjordane.

– Eg gjer ikkje det no i alle fall, eg trivst veldig godt. Det var rart å flytte heim att med ein gong, men etter kvart har eg blitt sikker på at eg har valt rett, seier ho.

Viser fram mangfaldet

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes var også på plass og var glad det var så mange som hadde teke turen.

– Eg synest det er kjempebra. Det viser at det er interesse. Det er veldig viktig at vi får fram mangfaldet både innanfor privat næringsliv og også kva mulegheiter det er i offentleg sektor, seier Kjelsnes.

Mehmet Denizer

GRÜNDER: Mehmet Denizer i Melin Medical.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Mehmet Denizer som representerer fjorårets gründerprisvinnar, Melin Medical, ser messa som ein viktig arena for å synleggjere moglegheitene i det lokale næringslivet i Sogn og Fjordane.

– Vi er her i på Karrieremessa for å rekruttere medarbeidarar til kontoret vårt på Sandane, fortel han.

Ein suksess

Sparebanken Sogn og Fjordane har vore på plass alle år det har vore arrangert Karrieremessa.

– Det er veldig viktig for oss å gjere oss synleg for det som er vår framtidige arbeidskraft. Det å vere her med resten av næringslivet i fylket får vi syne fram mangfaldet og krafta, seier banksjef Leon Bakkebø.

Han fortel at karrieremessa har vore ein suksess for dei og at dei frå dag ein har rekruttert veldig kompetente, gode folk til banken i alle moglege stillingar.

Leon Bakkebø

REKRUTTERER: Banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Leon Bakkebø

Foto: Karl Kristian Langland / NRK