Hopp til innhold

Publikum slit med å få tak i politiet

NORDFJORDEID (NRK): Opptattsignal, kø på linja og vanskar med å kome igjennom. Det er opplevinga mange innbyggjarar i Vest politidistrikt har når dei ringer politiet.

Politiet i Vest

TELEFONTRØBBEL: Operasjonssentralen i Vest politidistrikt skal skaffe seg fleire tilsette, fleire telefonlinjer og ein telefonsvarar for å få ned ventetida på 02800-nummeret.

Foto: Politiet

– Dei opplever at det ringer og ringer og at dei ikkje får svar i andre enden, seier lensmann Tormod Hvattum i Nordfjord lensmannsdistrikt.

Han er blitt kontakta av frustrerte innbyggjarar som har dårlege erfaringar med å ringe politiet sitt 02800-nummer. Fleire seier det er blitt vanskelegare å få tak i politiet etter at operasjonssentralane i Florø og Bergen vart slegne saman i november 2017.

– Konsekvensen kan vere at vi ikkje får melding om straffbare forhold som skjer, eller har skjedd. Vi ønskjer å yte sørvis, og då må vi vere tilgjengelege og svare på telefonen, seier Hvattum.

Tips eller spørsmål til politiet skal ringast inn til 02800, og det er dette på nummeret lensmennene no får klager på frå publikum.

– Dette likar vi lite. Meininga med politireforma var at politiet skulle vere enda meir publikumsvenlege. At den telefonen ikkje fungerer, er ei hindring for oss, seier regionlensmann i Sogn Inger Lill Lanes.

I kvardagane går 02800-nummeret til ein telefonsentral, på kveld, helg og nattetid går telefonane rett til operasjonssentralen. I 2017 svarte sentralen i Bergen på totalt 187 086 telefonsamtaler, 47 960 av desse var naudtelefonar.

Arne Johannesen, politileiar i Sogn og Fjordane

IKKJE FORNØGD: Publikum, samarbeidspartnarar og næringsdrivande har klaga på 02800-nummeret til politiet. I mars skal Arne Johannessen i møte med operasjonssentralen i Bergen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er for dårleg i dag, det er berre å seie rett ut, seier Arne Johannessen om korleis 02800-nummeret fungerer i dag. Han er einingsleiar i Sogn og Fjordane Vest politidistrikt.

I Bergen er stabssjef Gustav Landro godt kjent med problema. Eit av dei vart oppdaga for berre to veker sidan.

– Vi har oppdaga at vi har svært få linjer inn, så no utvidar vi kapasiteten.

Fryktar konsekvensane

Fleire tiltak er no på gong, som gjer at Landro har tru på ei gradvis forbetring utover våren. Akkurat no er dei ikkje nok folk på jobb, vedgår stabssjefen.

– Vi skal tilsetje ti, elleve personar utover sommaren, så vi er nok ikkje på topp før i august.

Vidare kjem ei telefonsvarløysing i løpet av våren.

– Det vil gjere det enklare for innringarane å trykke seg fram til rett lensmannsdistrikt eller kontor. Men vi tek fleire av 02800-samtalane no, enn berre for to månader sidan. Det talet har vi oversikt over, og det stig, seier Landro.

Johannessen er uroa over konsekvensane av telefonproblema.

– Eg fryktar at det kan føre til at færre melder saker til politiet, at ein gjev litt opp.

– Om færre får kontakt med politiet, har det påverka talet på oppdrag?

– Vi opplever ein nedgang i tal oppdrag som er registrert, men vi må få ein betre oversikt. Vi har også hatt ein roleg start på året, heldigvis, seier Johannessen.