Hopp til innhold

Psykologar reagerer på budsjettkutt

Psykologane i fylket går no hardt ut mot Helse Førde etter at det skal kuttast seks millionar kroner i budsjettet til klinikk for psykisk helsevern.

Psykologane reagerer og på at Helse Førde innfører full tilsettjingstopp.

- Tilsettingsstogg og at direktøren signaliserer at det kan bli lengre ventetid er ikkje noko satsing, seier Pål Iversen, som er føretakstillitsvald for psykologane i Helse Førde.

Køane like lange som før

Det er ikkje lenge sidan det blei vedteke ei kraftig opptrapping av det psykiske helsetilbodet her til lands. Men situasjonen i fylket i dag er at køane for behandling er like lange som før. 

-  Å kutte i ein sektor der det både frå overordna styresmakter og  føretaksleiinga er sagt at det skal satsast, det er for meg å gi eit motstridande signal. Skal ein satse kan ein ikkje med vitande vilje sjå at det står ledige stillingar,  innføre tilsettingsstogg og seie at her må kuttast i tillegg, seier Iversen.

Må kutte seks millionar

Det som har fått psykologane på bana er utsegnene frå  klinikkdirektør for psykisk helsevern, Ole Christian Reusch,  som tysdag sa at psykiatritilbodet i Helse Førde blir råka av eit kutt på seks millionar kroner.

Leiinga i Helse Førde hevdar at kutta ikkje skal råke barne- og undomspykiatrien. Men dette meiner Iversen ikkje er rett. Fleire stillingar der står ledige, noko som gjer at born og unge som slit med psykiske problem ikkje får den hjelpa dei skal ha, og med tilsetjingstopp meiner Iversen at det er lite som tyder på at det kjem til å betre seg.