– Klienten min ønskjer ei offentleg orsaking frå Fylkesmannen, seier advokat Anette Stegegjerdet Norberg.
Ein psykisk utviklingshemma mann overlate kontrollen over økonomien sin til søstera si, men så mangla han plutseleg fleire hundre tusen kroner. Ho har vedgått at ho underslo om lag 450.000 kroner frå broren.
– Han trudde at han hadde spart pengar heile livet, til den dagen han skulle kjøpe seg sin eigen leilegheit. Dersom den tiltalte ikkje har moglegheit til å betale han tilbake no, så vil eg krevje at staten ved Fylkesmannen betalar erstatningsutbetalinga, seier advokaten.
Fekk uromeldingar
Ho hevdar at Fylkesmannen ikkje har gjort noko, sjølv om det har kome bekymringsmeldingar mot denne verja.
– Då er det rett og rimeleg at dei erstattar desse pengane som han har tapt, seier Norberg.
Fylkesmannen fekk nemleg fleire uromeldingar frå kommunen, om verja sin forvaltning av den psykisk utviklingshemma mannen sine pengar. Likevel skjedde det lite, og i tilsynsrapporten står det at Fylkesmannen burde ha gjennomført ein kontroll som kunne ha avdekka verja sitt misbruk langt tidlegare.
– Om dei ikkje kan prioritere varsel og bekymringsmeldingar som dette, skjønar eg ikkje kva dei skal prioritere, seier advokaten.
FORSVARAR: Anette Stegegjerdet Norberg er advokat og verje for den fornærma mannen.
Foto: Sondre Dalaker / NRK– Vi er lei oss
Men assisterande fylkesmann i Vestland Gunnar O. Hæreid vil ikkje gå med på at dei ikkje har gjort noko.
– Vi gjorde noko ved å følgje opp med verja, men vi gjorde ikkje nok. Vi slo oss til ro med forklaringa til verja, og det er vi lei oss for, seier Hæreid.
– Vil de skjerpe rutinane no etter det som har kome fram i denne saka?
– Vi har i fleire rundar skjerpa rutinane våre, og no tek vi ein ekstra runde. Vi vil absolutt lære av denne saka, seier den assisterande fylkesmann.
Har fått mykje kritikk
Han fortel og at dersom dei får eit erstatningskrav av den psykisk utviklingshemma mannen, så vil dei sjølvsagt vurdere det.
Advokat Norberg seier likevel at ho ikkje er trygg før ho ser pengane på konto.
Det er ikkje første gong verjeordninga får kritikk. Tidlegare har NRK avdekka at nokre har vore verje for meir enn hundre personar samstundes. Advokaten til mannen i denne saka seier at den tapande part er dei som treng ein verje.
– Staten går for lett fri i slike saker. Svake partar blir endå svakare i møte med eit slikt system, seier Norberg.