Hopp til innhold

Psykisk sjuke får ikkje arbeid

Fleire enn 174.000 årsverk går tapt kvart år fordi psykisk sjuke er på uføretrygd. Enkle grep kunne halde dei i arbeid.

Psykisk helse

(illustrasjonsfoto)

Foto: Henrik Sørensen / Scanpix Denmark

Psykisk sjuke vert parkerte på uføretrygd sjølv om enkle grep kunne halde dei i arbeid.

Det meiner Magdalena Krossgått som kom tilbake i arbeid etter 14 år på trygd. Ho vart uføretrygda i ung alder grunna depresjon.

- Eg har faktisk fått kommentarar som «du er lat du som ikkje gidd å jobba». Eg har mange gonger ønska å ha ein sjukdom som vistes på utsida.

Slit meir en andre sjukdomsgrupper

Nye studier viser at fleire enn 174.000 årsverk går tapt kvart år fordi mentalt sjuke er uføretrygda - det er meir enn alle andre sjukdomsgrupper.

Krossgått meiner betre tilrettelegging kunne hjelpt mange.

- Eg synes det er veldig ille at det ikkje vart gjort nokre forsøk på å tilrettelegga min arbeidssituasjon slik at eg kunne halda ein fot i arbeidslivet.


Ny forsking frå folkehelseinstituttet viser at psykiske lidingar er den diagnosegruppa som fører til flest tapte arbeidsår. Årsaka er at desse sjukdommane råkar mange tidlegare i livet enn til dømes muskel og skjelettplager.

- Det er klart når eit ungt menneske i 20-åra får ein uførepensjon, så er det mange tiår som forsvinn med arbeid, seier Marianne Bjørkly som arbeidar med mental helse og arbeid i NAV.

- Det er også knytt meir stigma akkurat til denne biten her. Til ein viss grad kan ein seie at vi har ei utfording i forhold til arbeidsgivarane.

- Kan koma tilbake

Som ei av få, kom Magdalena Krossgått tilbake i arbeid etter 14 år. No jobbar ho i NAV og hjelper andre som har slite med psykiske lidingar tilbake i arbeid.

- Det kan nesten ikkje beskrivast, fordi det er så fantastisk. Det er mange arbeidsgivarar som nøler med å tilsetja folk som har, eller har hatt ein psykisk sykdom. Det synes eg er trist fordi det sit veldig mange der ute som sit godt parkert på ein uføretrygd som absolutt har sjansar for å vera i jobb.