Hopp til innhold

Psykisk sjuke barn får ikkje hjelp i tide

Barn med ADHD og depresjonar får ikkje den hjelpa dei har krav på. Over heile landet skjer lovbrot, ifølgje Statens helsetilsyn.

Traumatisert barn

MÅ VENTE LENGE: Barn med psykiske vanskar får ikkje hjelpa dei har krav på. (Illustrasjonsfoto)

Foto: ia_64 / Colourbox

Helsetilsynet har sjekka dei barne og ungdomspsykiatriske poliklinikkane (BUP). Og det same regelbrotet går igjen over alt: Barn og unge med ADHD og depresjonar får hjelp for seint.

Eit hovudproblem er at det tek for lang tid å få stilt ein diagnose.

– Når barna ikkje har fått diagnose, kan dei heller ikkje få behandling. Og mens dei ventar skjer det mykje i eit barns utvikling, seier assisterande fylkeslege i Hordaland, Sivi Rosendahl.

Ho meiner dette fører til unødvendig liding for både barna sjølv og dei pårørande.

Ei påkjenning for barn og vaksne

Mona Fosse, ADHD Norge

STOR PÅKJENNING: – Eg fekk negative tankar i forhold til mi eiga morsrolle, seier fylkesleiar Mona Fosse i ADHD Norge. Ho mått sjølv venta lenge på utgreiing for den fem å gamle sonen sin.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Fylkesleiar Mona Fosse i ADHD Norge viser NRK ein bunke med brev frå foreldre til barn som truleg har ADHD. Dei ventar alle på utgreiing og meiner det tek for lang tid.

– Dette er ei stor påkjenning for foreldra, seier Fosse, som sjølv venta lenge på at den fem år gamle sonen hennar fekk diagnose.

– Eg fekk negative tankar i forhold til mi eiga morsrolle og kva eg fekk til.

– Det var også ei påkjenning å måtta krangla seg gjennom i systemet, i staden for å bruka energi på heimesituasjonen, seier ho.

– Ikkje uforsvarleg

Men direktør for barne- og ungdomspsykiatri i Helse Bergen, Kjell Håland, vil ikkje svartmåla situasjonen.

– Tilbodet me gir er ikkje uforsvarleg og me har godt kvalifiserte behandlarar. Men tilsynet viser at det er naudsynt og betre tilbodet, seier Håland.

Han fortel at Helse Bergen no har innført tiltak for å korta ned utgreiingstida.

Les også:

Frist til oktober

Og det må også andre helseføretak gjera. Statens helsetilsyn har gitt dei frist til oktober med å koma med forbetringstiltak.

– Det er viktig at dette no blir tatt tak i, slik at barna våre kan få oppleva ein lettare og tilrettelagt skulekvardag, seier Mona Fosse i ADHD Norge.