– Det er svært kritikkverdig at arbeidet med ny tvangslov ikkje er ferdig, seier Bård Hoksrud, helsepolitisk talsperson i Framstegspartiet.
Han meiner dette er den førre regjeringa sitt ansvar, og ventar at helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) no får fortgang i arbeidet.
Eit viktig bakteppe for den lange tidsbruken er sterk usemje i fagmiljøa.
Arbeidet med ny tvangslov starta sommaren 2016 og lovutkastet «NOU 14» var klart i 2019. Men sterke protestar frå ulike hald gjer at saka vart sendt på ny høyringsrunde.
Debatten om samtykkekompetanse har fått nytt liv etter drapa på Kongsberg i midten av oktober og i saka om Anne Kari Tryggvason som vart sendt heim til seg sjølv etter ni sjølvmordsforsøk
Legeforeininga og psykiatriforeininga kritiske
I lovutkastet blir det foreslått mindre bruk av tvang, noko både Den norske legeforening og Norsk psykiatrisk forening er usamde i.
Legeforeininga slår fast at arbeidet med ny tvangslov har vore «virkelighetsfjern» og understrekar at tvang i ein del tilfelle er «livreddande behandling».
Norsk psykiatrisk forening peikar på at ulempene med mindre tvangsbruk ikkje blir godt nok drøfta.
Det blir vist til at mindre tvang mellom anna kan føre til «auka sjukdomsbyrde, redusert levealder, dødsfall ved sjølvmord eller rus, vald, drap, overgrep, auka kostnader i helsevesenet og samfunnet».
Tal tvangsinnleggingar i Noreg har halde seg nokolunde stabilt i fleire år.
– Tvang kan handle om moral
Men ikkje alle psykiatrar er samde i at det skal opnast for meir tvang.
Ein av dei som har sterke meiningar om dette er den røynde psykiateren Trond Aarre frå Nordfjordeid. Han er fagsjef for psykisk helsevern i Helse Førde og har vore med i det regjeringsoppnemnde tvangslovutvalet.
FOKUS PÅ MORAL: Psykiater og fagsjef for psykisk helsevern i Helse Førde, Trond Aarre, meiner haldninga til tvangsbruk i mange tilfelle handlar om moral.
Foto: Asgeir Reksnes / NRK– Tvang må alltid vere siste utveg, seier han.
Aarre støttar dermed mindre tvang, og meiner haldninga til tvangsbruk i mange tilfelle kokar ned til personlege verdiar og moralsk overtyding.
Leiaren i Norsk psykiatrisk forening, Lars Lien, er ueinig at dette er eit spørsmål om moral.
– Dette må vere tydeleg regulert av eit godt lovverk som viser omsorg for dei svakaste, seier han.
Usemja mellom Aarre og Lien er ein god illustrasjon på striden om tvang i ulike fagmiljø, og som har gjort det vanskelegare for politikarane å ta ei avgjerd.
.
AVVISER MORAL: Leier i Norsk psykiatrisk foreining meiner det er fagkunnskap som skal avgjere om ein pasient blir tvangsinnlagt, ikkje kva moral psykiateren har.
Foto: Kirsti Falch-NilsenBer ministeren klargjere regelverket
Jussprofessor Bjørn Henning Østenstad har leia arbeidet med å gå gjennom lovverket for tvangsbruk i psykiatrien. Han meiner det er behov for ei klargjering av dagens regelverk, inntil den nye tvangslova er på plass.
Han meiner den nye lova om samtykkekompetanse frå 2017 ofte blir misforstått. Samtykkekompetanse har gjort det lettare for psykisk sjuke å seie nei til tvangsbehandling.
– Det har ført til at enkelte pasientar er tekne vekk frå tvang, utan at dei skulle vore det, seier han.
Østenstad meiner helse- og omsorgsministeren må gå ut med eit skriv med ei klargjering for å unngå fleire misforståingar.
Vurderer kor mykje den sjuke skal få bestemme
Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) i helsedepartementet fortel at det no blir jobba mykje med samtykkekompetansen i lovverket.
Bakgrunnen er at regjeringa har fått mange tilbakemeldingar frå pårørande om at det trengst justeringar.
– Vi vurderer utkastet til ny tvangslov opp mot den evalueringa vi no gjer av samtykkekravet som kom i 2017, seier han.
Helseministeren vil ikkje svare på når den nye tvangslova blir ferdig.
Helsepolitisk talsperson frå Høgre, Tone Wilhelmsen Trøen, meiner det er urimeleg å skulde Solberg-regjeringa for å ha brukt for lang tid på arbeidet med ny tvangslov.
– Å utarbeide eit felles lovverk om tvang, som i dag er heimla i fire ulike lovverk, er eit omfattande arbeid, seier ho.