Hopp til innhold

PST undersøker koplingar til valdsvideoar

Politiets tryggingsteneste (PST) seier til NRK at dei no jobbar med å undersøke om valdsvideoar spreidde på nett med formål om å avsløre overgrep, er knytt til ein høgreekstrem ideologi.

– Vi undersøker om personar som utfører denne valden og oppfordrar til den, er knytt til ein høgreekstrem ideologi, seier seniorrådgjevar i PST, Martin Bernsen.

– Vi er kjende med fenomenet, og no undersøker vi om det ligg ein høgreekstrem ideologi til grunn for desse handlingane. Vi har ikkje konkludert, men jobbar med saka, seier Bernsen.

Ein person bak ei nyoppretta gruppe som oppmodar til «å ta dei pedofile» som NRK har vore i kontakt med, avviser påstandane om koplingar til høgreekstrem ideologi.

– At vi er ei høgreekstrem gruppe er ikkje eit aktuelt tema ein gong. Å stemple oss som høgreekstreme blir heilt feil, skriv personen.

I ei pressemelding frå ein av kontoane som har delt ein valdsvideo frå Gaupne i Vestland, står det at gruppa «tek avstand frå væpna vald og ønsker å presisere at vi på ingen måte støtter den knivstikkande handlinga som fann stad».