Hashin vart i Sogn tingrett dømd til fengsel i 16 år for å ha valdteke og drepe folkehøgskulestudenten Hedda Karterudseter i Sogndal i oktober i fjor. Dommen vart anka, og 14. november kjem saka opp i lagmannsretten.
Det kan ende med at retten då berre tek stilling til drapstiltalen. Hashin har nemleg også anka på sakshandsamingsfeil, og det punktet var i går oppe i lagmannsretten.
Nektar for valdtekt
Advokat Herman Hoff
- For Hashin er dette veldig viktig. Han har heile tida nekta straffskuld for valdtekt, og meiner at det er noko han ikkje har gjort, seier advokaten til Hashin, Herman Hoff.
Hoff meiner det ikkje kan takast ut tiltale for andre lovbrot enn det som låg til grunn då Hashin vart utlevert frå Nederland til Noreg. Då Hashin vart utleveret i januar var han sikta for drap. Tiltalen går på både drap og valdtekt, og det var også det han vart dømd for i tingretten.
Hoff argumenterte også i tingretten for at klienten ikkje kunne dømmast for valdtekt, men nådde ikkje fram.