Hopp til innhold

Sommarjobben er å hindra saueskit i bergensaranes drikkevatn

Byen der 6000 vart sjuke av drikkevatnet har tilsett ein gjetar som jagar sauer vekk frå drikkevasskjeldene på fjella rundt byen. Og ein som jagar campingturistar.

Eivind Toft gjeter sauer vekk fra drikkevannet

VASSKVALITET: Eivind Toft har sommarjobb som gjetar for å halda sauer vekke frå drikkevasskjeldene til bergensarane.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Om sommaren har me mykje sau på byfjella. Det er viktig å prøva å halda drikkevasskjeldene der reinast mogleg.

Det seier fagdirektør Magnar Sekse i vatn- og avløpsetaten.

Han snakkar av bitter erfaring.

I Bergen lever minnet om Giardia-skandalen i 2004 framleis. Parasitten giardia lamblia forureina drikkevatnet i byen. Verken innbyggjarane eller kommuneleiinga har gløymt at om lag 6000 menneske vart sjuke med akutt diaré, magesmerter og trøyttleik.

Mange fekk kronisk mageinfeksjon eller kronisk utmattingssyndrom (ME).

Svartediket i Bergen

EIT MØRKT KAPITTEL: Svartediktet var drikkevasskjelda som gjorde 6000 bergensarar sjuke i 2004.

Foto: Wikimedia / Aqwis

Smitterisiko

Etter Giardia-epidemien blei gjeting eitt av tiltaka, sjølv om saueavføring ikkje var ein sannsynleg årsak til giardia-epidemien.

– Ein veit ikkje nødvendigvis at sauene har bakteriar som menneske kan bli sjuke av. Men dei kan ha det, seier Sekse.

Derfor spring denne sommaren Eivind Toft dagleg rundt på byfjella i Bergen som kommunetilsett gjetar. Han «husjar» på sauer som beitar for nær drikkevasskjeldene.

– Viss det blir for mykje skit, kan det vera ein smitterisiko dersom noko av sauene til dømes har ein infeksjon, seier han og peikar på ein liten haug med saueskit på turvegen opp frå Svartediket.

some sauegjetar Eivind held sauene vekke frå drikkevatnet i Bergen

Sjå sauegjetar Eivind Toft i aksjon for å halda sauene vekke frå drikkevatnet i Bergen.

Dette vatnet er eit av dei største drikkevassanlegga i Bergen, og det var her giardia-smitten kom frå for 17 år sidan.

– Ingen sauer førebels. Det er eit veldig godt teikn, for då er dei truleg lenger oppe på fjellet, konstaterer Toft med kikkerten framfor augo.

Delte meiningar

Turgåar Ingveig Tveranger tykkjer det er flott at sauene blir gjeta i området.

– Det er kjempebra. Denne flaska har eg fylt i eitt av vatna langs vegen her. Eg har drukke det, og føler meg fin. Veldig godt vatn, konkluderer ho.

Haakon Blaauw er ikkje like nøgd.

– Eg har fleire gonger måtta ringa til kommunen, når det har vore fullt av skit frå sauene i vegane her. Det renn jo rett i drikkevatnet. Det er forbausande at ein ikkje tar dette meir alvorleg, etter dei skandalane som har vore med drikkevatnet, meiner han.

Haakon Blaauw

UFORSTÅELEG: Haakon Blaauw meiner kommunen burde tatt forureining av drikkevatn meir alvorleg.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Fleire store utbrot

Folkehelseinstituttet (FHI) har ikkje eksakte tal på kor mange som blir sjuke av drikkevatnet i Noreg, eller kor mykje som skuldast beitedyr. Det førekjem likevel større eller mindre utbrot så godt som årleg.

I tillegg til Giardia-utbrotet i Bergen, har Noreg hatt store utbrot som då 1500 vart sjuke av campylobacter i drikkevatnet på Røros i 2007. Den same tarmbakterien i drikkevatnet på Askøy i 2019 gjorde over 2000 sjuke fordi eit høgdebasseng truleg var forureina av avføring frå ville dyr og fuglar.

– Det er klart folk er opptekne av å ha god kvalitet på drikkevatnet. Viss dei ser litt saueskit, tenker dei gjerne at dette ikkje er godt nok, seier gjetar Toft.

Men han viser til at sauene har streiferett også i dette området.

– Dei har lov å gå langs vatna i ein kort periode, men ikkje å gå og beita der over tid.

Eivind Toft

VAKTAR DRIKKEVATNET: Sjølv med gode reinseanlegg gjeld det å få minst mogleg saueskit i drikkevasskjeldene.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Dobbel tryggleik

Sekse forklarer at sjølv om drikkevatnet går gjennom grundige reinseprosessar, gjeld det å ha best mogleg kvalitet på det han kallar råvatnet, altså utgangspunktet med vatnet ute i terrenget.

– Anlegget for vassbehandlinga har ein dobbel tryggleik. Først filtrerer me ut alle partiklar, inkludert dei sjukdomsframkallande. Så blir vatnet reinsa med UV-stråling. I tillegg har me klor i reserve viss noko sviktar. For ting kan jo svikta.

– Men blir ikkje saueskit uansett fjerna i reinseanlegget?

– Uansett reinsesystem gjeld det å ha best mogleg råvatn, og redusera risikoen i utgangspunktet. Ein må jobba førebyggjande, elles kan det vera for seint, seier Sekse.

saueavføring

PÅ VEG TIL VATNET: Nedst i bakken endar vegen med saueskit ved drikkevasskjelda.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Til slutt får Toft auge på ein flokk som har kome for nær ei drikkevasskjelde. Då er det berre ein ting å gjera.

– Pysj! ropar han og viftar med gjetarstaven.

Sauene fer til palings oppover bakken.

– Då er eg nøgd. No har eg liksom gjort dagens innsats.

Å gjeta turistar

Ein ting er sau. Ei anna utfordring er menneske som trassar skiltinga og finn ut at dei vil bada, fiska eller telta ved drikkevasskjeldene.

I tillegg til den kommunetilsette gjetaren, har Bergen derfor også hyra inn ein turglad og pensjonert politimann som «gjetar» turistar. Han går rundt på byfjella og passar diplomatisk på at folk held seg vekke frå drikkevasskjeldene.

Kva som er lettast å gjeta – folk eller fe – er kanskje eit ope spørsmål.

Sauer

LIKAR SEG I VASSKANTEN: – Også vi treng drikkevatn, meiner dei.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK