Hopp til innhold

Prøvde å stikke av frå UP

Ein bilførar i Ullensvang nekta i natt å stanse for UP som hadde trafikkontroll på Seljestad, melder politiet.

Bilen køyrde vidare på E134 i retning Etne.

UP-patruljen fekk stansa bilen like før Fjæratunnelen. Føraren er mistenkt for køyring i påverka tilstand. UP tok førarkortet frå sjåføren, og det skal takast blodprøve.