– Det er uforståeleg at ikkje tryggleiken til folk og å fjerne frykt skal telje med, seier Hans- Erik Ringkjøb, ordførar for Arbeidarpartiet i Voss herad.
Han er ein av mange som lenge har kjempa for å få erstatta vegstykket mellom Voss og Bergen. Med over 200 ras siste 20 år, har vegen uoffisielt blitt kåra til den verste i landet.
Draumen er både ny veg og jernbane på strekningen, truleg til rundt 25 milliardar kroner. Etter nok ei utsetjing, trur Vegvesenet det kan bli byggestart i 2024.
Men utrekningane om samfunnsøkonomisk nytte viser at det ikkje er lønsamt å bygge nytt, sjølv om E16 her er hovudfartsåre for trafikken mellom Oslo og Bergen via Filefjell, Hemsedal og Hardangervidda.
– Eit av dei mest openbert nyttige prosjekta i landet vert altså vurdert til å ikkje vere samfunnsnyttig. Forstå det den som kan, seier Ringkjøb oppgitt.
KJEMPAR: Hans-Erik Ringkjøb har i mange år kjempa for at ny E16 og Vossebanen skal bli realisert.
Foto: Jon Bolstad / NRKKomplisert reknestykke
Samfunnsøkonomisk nytte er det einaste objektive kriteriet vi har for å vurdere om samferdsleprosjekt bør byggast.
I reknestykket vektlegg ein mellom anna kor mykje kortare reisetid prosjektet gir, kostnader kring bygging og vedlikehald, klimautslepp og trafikkauke.
Sjølv dei som står bak reknestykket innrømmer at det er vanskeleg å treffe med ei slik utrekning.
– Det er mange faktorar som gjer at utrekningane blir upresise, og i somme tilfelle rett og slett feil, seier seniorforskar ved Transportøkonomisk institutt (TØI), Harald Minken.
Likevel meiner han at berekningane er det beste verktøyet ein har for å avgjere kva prosjekt som skal byggast.
MEIR LØNSAMT: Den enorme brua over Bjørnafjorden og ny veg over Tysnes til Stord kostar over 35 milliardar kroner. Men det er eit av dei aller mest lønsame prosjekta i Noreg, ifølge utrekningane.
Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+WeitlingFryktar nedprioritering
Det er ikkje lenge til samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) skal leggje fram sjølve bibelen for dei som er opptekne av samferdsle; Nasjonal transportplan.
Dei siste åra har vestlendingane krangla om bygginga av Hordfast på ferjefri E39 eller E16 mellom Voss og Bergen er viktigast. Det er sterke meiningar om kva som bør stå øvst på prioriteringslista til Hareide for 2022 til 2033.
Men der delprosjektet E16 Arna-Stanghelle skårar lågt på samfunnsøkonomisk nytte, er det stikk motsett for Hordfast. Det er faktisk eit av dei aller mest lønsame prosjekta i Noreg.
Frykta til Vossa-ordførar Ringkjøb er at utrekningane kring samfunnsnytte gjer at politikarane difor ikkje prioriterer hovudvegen austover frå Bergen.
– Me som politikarar må jo prioritere dei reelle utfordringane til innbyggarane våre, og ikkje berre basere oss på teoretiske framtidsmodellar.
FLAUMSKRED: I fjor sommar rann det over med både vatn og større steinar på E16 ved Bolstad.
Foto: Marit Hommedal / NTB– Samfunnsnytte bør avgjere
Øyvind Halleraker, som er dagleg leiar i selskapet som jobbar for å få bygd Hordfast, seier utrekningane viser at staten vil tena pengar på ferjefri E39.
– Det bør bli avgjerande for at det vert ein realitet.
Den tidlegare stortingspolitikaren for Høgre er likevel klar på at det er andre element som politikarane må ta omsyn til.
– Det vil alltid vere ein skjønnsvurdering om kva som bør prioriterast. Til dømes er rasfare for lite vektlagd, meiner han.
Minken ved TØI seier alle tener på at ein prioriterer etter samfunnsøkonomisk nytte.
– Likevel må vi nokon gonger gå utanom, til dømes for å sikre at heile landet har eit tilfredsstillande samferdsletilbod.
Han får støtte frå Morten Welde, seniorforskar i Institutt for bygg- og miljøteknikk i NTNU, i at utrekninga bør ha stor tyngde.
– Sidan ressursane ikkje er uavgrensa, må somme prosjekt avvisast. Vegar i tynt folka deler av landet kan kome dårlegare ut, om dei ikkje fører til vesentleg redusert reisetid.
HORDFAST: Øyvind Halleraker leiar selskapet som jobbar for å få bygd ferjefri E39 mellom Os og Stord.
Foto: Jon Bolstad / NRK