Hopp til innhold

Protesterer mot nye fråværsreglar

SANDANE (NRK): Nye reglar for fråvær i den vidaregåande skulen har fått elevane ved Firda vidaregåande skule til å protestere. Elevane meiner reglane vil råke dei svakaste elevane.

Protesterer mot nye fråværsreglar

NYE REGLAR: Fleire hundre elevar demonstrerte i dag mot dei nye fråværsreglane.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det verste med dei nye fråværsreglane er at dei er ekskluderande for dei vanskelegstilte elevane, seier Sandra Tenud som er lokallagsleiar Gloppen AUF.

Måndag deltok fleire hundre elevar i motstanden mot dei nye fråværsreglane på skulen.

– Når nokon har søkt seg til ein vidaregåande skule så er det fordi dei ynskjer å gå der. Då må vi sette inn tiltak for å hjelpe dei slik at dei å kome på skulen i staden for å presse dei ut, seier Tenud.

Gjeld frå hausten av

Målet til regjeringa er å få å bukt med skulking. Den nye fråværsgrensa blir innført for skuleåret 2016/2017, og inneber at elevar som har meir enn ti prosent fråvær i eit fag ikkje får halvårskarakter eller standpunktkarakterar.

Ragnhild Vassbotn, fylkesleiar elevorganisasjonen og Sandra Tenud, lokallagsleiar Gloppen AUF

RÅKAR DEI SVAKASTE: Ragnhild Vassbotn, fylkesleiar elevorganisasjonen og Sandra Tenud, lokallagsleiar Gloppen AUF

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er mange grunnar til at enkelte ikkje kjem på skulen. Eg trur ikkje på dette med skulkarar. Når nokon har søkt seg til ein vidaregåande skule så er det fordi dei ynskjer å gå der. Då må vi sette inn tiltak for å hjelpe dei slik at dei kjem på skulen i staden for å presse dei ut, seier Tenud.

Sjukmelding frå lege, eller deltaking i politisk arbeid blir rekna som gyldig fråvær og ikkje omfatta av tiprosentregelen. Elevane er på si side opptekne av det kan vere vanskeleg å blant anna få dokumentert psykiske vanskar, problem på heimebane og mobbing.

– Problemet er ikkje dei som er aktive i politikken eller driv med idrett. Problemet er dei som dett ut av andre grunner. Dei som blir mobba og ligg heime med vondt i magen, og der det ikkje er så lett å få ei legeerklæring, seier Ragnhild Vassbotn, fylkesleiar i Elevorganisasjonen.

Firda Vidaregåande

AKSJONERER: Hildegunn Raftevoll, Sofie Holm Sæterlid, Angy Avendano, Emilie Leirvik, Silje Iren Hole Herrevik

Foto: Silje Guddal / NRK

Støtte frå rektor

Dei nye fråværsreglane i den vidaregåande skulen vil skape problem for elevane, og måndag aksjonerte elevar ved Firda vidaregåande skule. Rektor Hallgeir Hansen støttar dei i aksjonen.

Hallgeir Hansen, rektor Firda Vidaregåande

STØTTAR ELEVANE: Hallgeir Hansen er rektor ved Firda Vidaregåande skule på Sandane.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg er skeptisk til å innføre denne tiprosentregelen. Eg trur vi innfører ei ordning som berre vil føre til at dei som slit i dag vil få det endå vanskelegare, seier Hansen.

– Men, styresmaktene seier at dei ynskjer å forhindre skulking?

– Eg ser poenget i forhold til skulking, og det kan godt hende at dette vil fungere for enkelte elevar og for nokre av dei som skulkar. Men så har vi ein del elevar som av ulike grunnar ikkje er på skulen, og eg trur at det kan bli svært krevjande for desse, seier Hansen.