Hopp til innhold

Protesterer mot gigantisk oppdrettsanlegg inne i fjellet

TORSNES (NRK): Eit landbasert smoltanlegg kan bli ein realitet inne i fjellhallar. Men naboar er skeptiske til gigantplanane.

Illustrasjon Hardanger Fishfarm

FJELLHALL: Hardanger Fishfarm AS ønskjer å bygga smoltanlegg i fjellhallar på Torsnes.

Illustrasjon: Hardanger Fishfarm As

500 meter inne i fjellet på Torsnes ved Jondal i Hardanger vil Hardanger Fishfarm AS bygga ein spesielt tilpassa fjellhall for smoltanlegg.

Fjellhallen skal plasserast ved ein av dei tettaste oppdrettsfjordane i Noreg. Hardangerfjorden.

Størrelsen kan samanliknast med nesten seks fotballbanar. Eit golvareal på 40.000 kvadratmeter skal bli sprengt ut.

Sidan 1997 har det vore drift i eit lite oppdrettsanlegg av ein litt annan type i ein fjellhall i Tyssedal, lenger inne i Hardangerfjorden. Fleire andre stadar er det no store planar for smoltanlegg og fiskeoppdrett på land.

Anlegget i Jondal blir nært eit eksisterande kraftverk og skal drivast ved hjelp av overskotsvatn. Det kan få ein årleg produksjon på ca. 15.000 tonn smolt, som er ungfisk på veg til vidare oppdrett.

Prosjektet vil ha ein byggekostnad på nesten 1 milliard kroner, og kan få opptil 20 til 25 arbeidsplassar.

Gaute Torsnes Føyen utanfor huset på Torsnes.

NABO: I fjor flytta familien inn i eit nybygd hus på Torsnes.

Foto: Tale Hauso / NRK

Redd for støy

Men naboar er og skeptiske til planane.

– All båttrafikk kjem til å koma tett på her vi bur. Det er høge fjellsider, så all støyen kjem til å gå utover fjorden under bygginga og når det står ferdig. Det er vår største frykt, seier Gaute Torsnes Føyen.

Familien hans på fire flytta inn i eit splitter nytt hus i fjor. No er dei redde Torsnes vil slutta å vera eit fredeleg område om planane blir gjennomførte.

– Hadde dette vore vedteke bygd før, så hadde me ikkje flytta hit. No blir det eit industriområde. Då hadde me busett oss ein annan plass.

– Men er det ikkje bra at anlegget er i inne i fjell?

– Det er eit bra prosjekt då det ikkje er synleg, det kan skapa arbeidsplassar og ein vidareutvikle ei næring som er under press under miljøvern. Men vi synest plasseringa er dårleg og reagerer at tiltakshavar ikkje har vurdert andre stader.

Nabo Anna Skogseth Gagnon reagerer på at planane ligg i eit såkalla LNF-område, som vil seie at det er eit landbruks, natur og friluftsområde, og at det ikkje er vurdert andre lokalitetar.

Gaute Torsnes Føyen

KRITISK: Gaute Torsnes Føyen er redd Torsnes vil slutta å vera eit fredeleg område.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ulike støytiltak

I reguleringsplanen er det mellom anna lagt opp til ulike tiltak som støyskjerm som skal redusera bråket, båtar som skal nytta landstraum, og eksisterande vegar i området som ikkje skal bli nytta.

NRK har vore på intervjubesøk hos Hardanger Fishfarm og blitt vist rundt der anlegget er planlagt, men i etterkant ønskjer ikkje Hardanger Fishfarm å vera med i saka.

Tiltakshavar meiner dei har gjort grundige tiltak som er tufta på innspel, sånn at dei skal klara å bygga anlegget på ein god måte.

Hardanger Fishfarm er ikkje redd for støy i driftsfasen, men meiner det ikkje kan bli lydlaust i byggefasen. Støyen skal vera innanfor retningslinjene til styresmaktene.

Positiv til planane

På andre sida av vika bur grunneigar og nabo Edvard Torsnes. Han er positiv til planane, og meiner det er bra at anlegget skal ligga i fjell.

– Det er positivt at det gir lokale arbeidsplassar og det er kjekt at det blir litt nyskaping i bygda.

Torsnes forstår og skepsisen til nokre av naboane.

– Eg forstår det med støy i anleggsperioden og uvissa om det blir støy i framtida eller ikkje. Det er alltid negative ting med nye ting, men ein blir som oftast vane med det, seier han.

Reguleringsplanen er no ute på høyring før Ullensvang kommune skal ta ei avgjerd i saka.