- Det hastar med å komme i gang. Eigentleg tåler vi ikkje fleire forseinkingar i reguleringsprosessen, seier Røneid.
Vil flytte vegen
Men Olav Sølvberg og eit tjuetals grunneigarar vil flytte den planlagde vegen inn mot fjellet, bort frå sjøen.
- Men er det ikkje viktigast at denne riksvegen som er etterlengta for folk på Raudeberg, blir realisert?
- Sjølvsagt må bli realisert, men det må kunne lagast ein tilfredsstillande veg på oppsida, seier Røneid.
- Ikkje mogeleg
Men det meiner Vegvesenet ikkje er mogeleg. Bratt fjell på oppsida av vegen ville fordyre utvidinga om strandlinja skulle sparast, og tre hus ville få vegen inn i hagane. Ifølgje prosjektleiar Lars Magnar Røneid har eigarane av desse husa allereie fått lagmannsretten si støtte på at vegen skal ligge ned mot sjøen.
Håpar på avklaring
Utbetring av den rasfarlege og smale riksvegen mellom Måløy og Raudeberg har stoppa på planstadiet før. Røneid håpar saka no skal løyse seg raskt, slik at oppstart 1. oktober ikkje blir forseinka.