Professor: - Sukkerfrie barnehagar!

Professor Britt Unni Wilhelmsen vil ha sukkerfrie barnehagar for at barn skal få eit sunnare tilhøve til mat.

Professor ved Høgskulen i Bergen, Britt Unni Wilhelmsen, vil ha heilt sukkerfrie barnehagar.

Wilhelmsen er dr. philos i pedagogikk med ernæring, helse- og miljøfag mellom spesialfelta.

Viss Wilhelmsen får det som ho vil, vil det seie bursdagsfeiring i barnehagen utan kake, saft og snop - alt for at barn skal få eit sunnare tilhøve til det dei et.

- Det vil alltid vere nokon som har fødselsdag, og det vil alltid vere ein eller anna ting å feire. Viss ein då skal feire med søtt og fett kvar gong, kan det hende at det vert nesten dagleg, seier Wilhelmsen.

Kva tykkjer du om sukkerfrie barnehagar - her kan du seie di meining

- Får kake på bursdagen likevel

Våkleivsbrotet barnehage i Bergen har vore sukkerfri i halvtanna år. Tilsette i barnehage er heilt samde med Wilhelmsen, og dei meiner alle barnehagar bør følgje deira eksempel.

- Det er jo påvist at ungar i dag er for tunge og for lite i bevegelse, seier Sissel Amundsen og Liv Sandvik.

Dei tykkjer ikkje det er gale at ungane må feire bursdagen i barnehagen utan kake.

-  Ungane får kake heime likevel på denne dagen. Dei tok dette veldig greitt allereie frå vi byrja med det, det var verre med oss vaksne.

Må ikkje verte for hysteriske

Ikkje alle barnehagar er like ivrige etter å verte sukkerfrie. I Bønes barnehage i Bergen får ungane framleis kake på bursdagen.

Pedagogisk leiar i barnehagen, Beate Segrov, er ikkje redd for at ungane skal verte for tjukke av den grunn.

- Det er heilt ok med ei sjokaladekake på bursdagen. Eg tykkjer det vert litt for mykje hysteri viss ein skal kutte ut all glede i kvardagen. Det er det daglege kosthaldet som er det viktigaste, seier Segrov.