Bråk og uro i FNB kan vere gode nyheiter for Frp

Utmeldingar, intern uro og full strid om leiarvervet pregar landsmøtet til Folkeaksjonen Nei til mer bompenger. Positivt for spesielt eitt parti, meiner professor.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

EKSPERT: Professor Yngve Flo ved Universitetet i Bergen meiner Frp kan tene på bråket i Bompengepartiet.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Faren er stor for at FNB ikkje får noko i nærleiken av den oppslutninga dei hadde i lokalvalet i fjor.

Det seier professor Yngve Flo i moderne norsk politisk historie ved Universitetet i Bergen.

I helga held FNB sitt første landsmøte på Gardermoen. Partiet fekk stort gjennomslag i kommunevalet i fjor, men no er spørsmålet korleis det vil gå med partiet i stortingsvalet neste år.

Denne veka melde politikarane i deira største lokallag, FNB i Alver i Vestland, seg ut og oppretta Folkepartiet.

Vil vrake Myrhol

Laurdag blei det òg klart at fleirtalet i nominasjonskomiteen ønskjer å vrake partileiar Fryde Myrhol til fordel for Cecile Lyngby frå Oslo.

– Eg kjem ikkje til å sitte i sentralstyret om det ikkje er som leiar, svarar Myrhol kontant.

Lyngby seier til NRK at ho er klar til å ta utfordringa dersom ho blir vald.

Leiarvalet i FNB kjem etter planen til å bli heldt søndag.

Frode Myrhol

UAKTUELT: FNB-leiar Frode Myrhol seier det er uaktuelt for han å sitte i sentralstyret, viss han ikkje får behalde leiarvervet.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Uro i fleire lokallag

Bompengepartiet gjorde eit brakval i kommunevalet i fjor, men opplever no at fleire av lokallaga rundt om i landet er i full oppløysing.

I Viken har to av tre fylkestingsrepresentantar og ein vararepresentant meldt seg ut av lokallaget, opplyser den attverande representanten Terje Vegard Kopperud til NRK.

I Drammen er lokallaget til FNB lagt ned for nokre veker sidan. Ein del frå den lokale vallista «Nei til bomring» engasjerte seg der tidlegare, men har no slutta med det, ifølgje gruppeleiar Anders Lunde i Nei til bomring.

– Frp er svoltne til å ta over

Professor Yngve Flo meiner frustrasjonen i FNB og opprettinga av eit nytt protestparti i Alver, kan føre til at Framstegspartiet (Frp) vinn tilbake mange av sine tidlegare veljarar.

– Eg trur Frp er svoltne etter er å ta over eigarskapet for bompengar att, som dei til si store misnøye tapte i til bompengepartiet i fjor. No har dei høve til å vinne det tilbake, held han fram.

Dersom FNB likevel greier å komme tilbake til fjorårets høgder, kan partiet ha stortingsmandat innan rekkevidde i Hordaland og fleire fylke. Dei kunne kanskje også fått ein vippeposisjon på Stortinget, påpeiker Flo.

– Og då kunne dei verkeleg hatt påverknad på bompengepolitikken. Men då er dei nøydde til å komme tilbake på beina ganske raskt. Skal dei klare å mobilisere veljarane må dei ha ein oppegåande organisasjon.

Morten Klemetsen på valgvake hos FNB Alver i Knarvik

JUBLA: Det var god stemning på valgvaka til FNB i Alver under kommunevalet i fjor. I Alver fekk partiet ein oppslutning på over 20 prosent.

Foto: Oddbjørn Rossnes / NRK

Kjem med tre tips

Professoren har tre tips til partiet: Å halde entusiasmen ved like knytt til den store einskildsaka bompengar, å utvikle truverdig politikk på andre område, og bygge ein effektiv organisasjon.

– Dette ser per i dag ut til å feile, seier han og peikar på at partiet slit på meiningsmålingar og er prega av sterke konfliktar mange stader.

Det går i alt frå eksklusjonar, masseutmeldingar og krangel om partistøtte, til krangel om partinamnet og krav om utsetjing av landsmøte. Rett og slett alt anna enn politiske saker.

Han peikar på at det i Alver er snakk om organisasjonskultur, leiarstil og til og med folkeskikk.

– Partiet har ikkje lukkast å byggje ein partikultur som bind saman ei gruppe menneske med ganske ulike førestillingar om kva FNB skal vere, slår professoren fast.