Professor Willy-Tore Mørch er kritisk til at fem born, den eldste på 11 år og den yngste ein ammande baby, i november vart tekne ut av foreldreheimen i Naustdal og plassert i tre ulike fosterheimar.
Mørch seier det er viktig at born som blir tekne ut av heimen får behalde søskenrelasjonen.
– Det er spesielt viktig når dei misser kontakten med foreldra, seier han.
Sikta for vald
Foreldreparet i Naustdal er sikta for vald mot barna, og saka er framleis under etterforsking.
Saka har vekt enormt engasjement verda over, VG.
. Seinast i helga, med demonstrasjonar i Romania, Hellas, Canada og USA, melder- Les også:
– Det er traumatisk for born å oppleve at dei blir tekne ut frå foreldreheimen i seg sjølv, då er det viktig at dei får behalde kontakten med sine søsken, seier Mørch.
– Borna treng støtte hos kvarandre, kunne snakke med kvarandre og kunne vere saman. Søsken har spesielle relasjonar, og det er viktig at dei får halde fram med å ha desse relasjonane, held Mørch fram.
– Utfordrande
Det er ikkje uvanleg at barnevernet splittar søsken og plasserer dei i ulike fosterheimar, men ofte er det vanskeleg å plassere meir enn to born i same fosterheim.
– Det er ei alvorleg hending i eit barns liv å bli akuttplassert, og vi har forståing for synspunkt om at søsken bør vere saman i ein slik situasjon. Vi strekkjer oss langt for å finne heimar som kan ta fleire søsken, men vår erfaring seier at det i dei fleste tilfelle er svært utfordrande for ein fosterheim å vareta meir enn to søsken, seier Øystein Sævik, regiondirektør i Bufetat region Vest.
– Så må borna lide for at de ikkje får dette på plass?
– Dette er vurderingar som barnevernstenesta må gjere i kvart enkelt tilfelle, i høve til kva behov det enkelte barn har. Blir søsken plassert i ulike heimar, kan relasjonar varetakast gjennom søskensamvær, telefonkontakt og andre måtar som barnevernstenesta eller fylkesnemnda har vedteke.
Sævik opplyser at born i enkelte saker har så stort behov kvar for seg at ein heim ikkje vil klare å gje borna den oppfølging dei har behov for. I andre tilfelle kan eitt enkelt barn ha behov som betre blir dekka ved at dei blir plasserte kvar for seg.
– Det er ikkje alltid at tilknyting mellom born i familiar med store utfordringar er trygg og positiv, seier han.
Enkeltvurdering
Rådmann Øyvind Bang-Olsen, som er ansvarleg for barnevernstenesta i Naustdal, seier at det i enkelte tilfelle kan vere rett å splitte søsken.
– Dersom det er slik at enkeltbarn treng enkeltoppfølging, så kan det også vere fornuftig.
Professor Mørch meiner at ein ikkje kan skilje ungane frå kvarandre med den grunngjeving at det er viktig for politiet si etterforsking.
– Vi veit at nær alle fosterbarn, som i vaksen alder blir spurt om korleis det var å bli skilt frå søskena sine, seier at det var ei stor tilleggsbelastning, seier han.
Mørch meiner at dei fem borna i Naustdal snarast råd må få flytte saman att.
– Ja, det er ingen formelle hindringar i å gjere om på eit vedtak.