Problem i Posten sitt datasystem

Posten har sidan i føremiddag hatt problem med datasystemet sitt. Nettsida deira har vore nede, det same har systemet dei brukar for å finne pakkar. Tidvis har det heller ikkje vore mogleg å komme gjennom på kundetelefonen, fordi datasystemet til kundebehandlarane har vore nede. Pressesjef John Eckhoff kan ikkje svare på kor tid systema vil fungere normalt att.