Folk som skulle fylle bilen i Oslo i dag kan ha fått seg eit lite sjokk.
Men eit sjokk med positivt forteikn.
For prisen på drivstoff ikkje vore nede på 22 kroner literen sidan februar.
– Vi kan sjå at prisen går ned til 20 kroner literen, seier Øystein Foros, professor ved NHH.
Det føreset at oljeprisen framleis ligg på det nivået som han gjer no framover, men for dei fleste vil det vere ei letting å høyre at prisen på drivstoff er på veg ned.
Men framleis er det eit stykke ned til 17 kroner literen som bensinprisen var på i slutten av 2021.
Kan ikkje seie mykje om endringane
Det siste halvåret har det vore dyrt å køyre bil.
Hos Circle K kan kommunikasjonssjef Knut Hilmar Hansen bekrefte at dei frå den siste delen av juni har hatt ein lågare pris på drivstoff.
Kor stor endring kan han ikkje seie grunna konkurransereglar frå Konkurransetilsynet.
I Sverige derimot kan bensinstasjonane liste opp prisendringar.
NRK har vore i kontakt med Certas som driv Esso-stasjonane til ExxonMobil i Noreg, men har ikkje fått svar på om også dei ser at drivstoffprisane har endra seg.
For dyrt å feriere
Sjølv om prisen i dag var heilt nede på 22-talet i Oslo, var det langt frå alle som såg det talet i dag.
I Førde har Eivin Sundal frå nettopp Oslo tatt ein stopp på ein bensinstasjonane i byen.
– Dagens prisar er heilt på tryne. Det gjer det mykje dyrare å feriere Noreg, seier Sundal.
Han er ikkje nøgd med å punge ut rundt 25 kroner literen for drivstoff.
– Vi bruker så mykje pengar på energi her i landet at det hadde vore kjekt å få noko tilbake.
Billigare i byen enn på landet. Her er prisen på drivstoff i Førde med nokre timars mellomrom.
– Følg med lokalt
Drivstoffprisen her i landet blir påverka av oljeprisen og verdien på dollaren.
Men Foros frå NHH peikar på at det er opp til forbrukaren å velje kor ein får den rette prisen.
– For den enkelte som skal fylle bilen, så er det viktig å følge med kor det lokalt er billigast.
Prisen frå ein bensinstasjon til ein annan kan variere både to og tre kroner, seier Foros.