- Det seier seg sjølv at vi er uroa. Før leverte vi mykje til Bergen, Trondheims-området, nedover til Hamar, Gjøvik og Oslo på gode somrar. No er ikkje det noko å tenkje på. No er det nærområdet her i Nordfjord og Sunnfjord som er interessant, seier John Elling Vereide i Gloppen produsentlag. Han er frustrert over at prisen på ei korg jordbær kan vere ned i 10 kroner på butikkane.
- Det er ikkje fordi det er for mykje bær, men fordi bær blir brukt som lokkemiddel for å få folk innom butikkane.
Færre produsentar
Talet på jordbærbønder i Norge har dei siste ti åra vorte redusert frå 2400 til 900. Noko av årsaka er at prisen på bæra er pressa ned av dei store butikkjedane. I dei store butikkane kostar ei korg med jordbær til tider rundt 10 kroner. Dette er same pris som det kostar å produsere den same korga med bær. Mange bønder sel altså bæra med tap.
Også mange jordbærbønder i Sogn og Fjordane har måtta gje seg på grunn av priskrigen:
- At ein del har måtte gje seg på grunn av at det er dårleg økonomi, er det ikkje tvil om, seier Vereide.
Freistar å snu
Men Gloppen produsentlag har freista å snu utviklinga ved å selje bær direkte til folk og ikkje gjennom kjedane. Og Vereide har erfart at folk gjerne betaler over det dobbelte for å få bær frå nærområdet.
- På torget, og når vi sel privat, går vi ikkje under 25 kroner korga. Då kan det verke litt rart at vi får selt når dei på butikkane sel for 9-12 kroner for tilsvarande mengd. Men stort sett får folk den kvaliteten dei betaler for, meiner Vereide.