Hopp til innhold

Prishopp gir dei små sagbruka mykje å gjere

Høge materialprisar gjer at kundar ser seg rundt etter alternativ. Det har gitt stor pågang til alle dei mindre sagbruka i Noreg.

– Desse ser bra ut, lite kvist på. Det trur eg skal bli eit bra golv.

Martin Frøholm er stødig på handa når han sorterer i ein stabel trestokkar med kran. I 10 år har han drive sagbruk i Innvik, og lysta til å satse vidare minkar ikkje.

Frøholm leverer det kundane vil ha, enten det er standard material eller meir spesielle ting som kunden ikkje kan få tak i andre stader.

– Å plukke ut tømmeret, sage det, pakke det og levere det til nøgde kundar. Det er det som er kjekt.

Høge materialprisar gjer at kundar ser på andre alternativ. Det har gitt Frøholm og andre med mindre sagbruk mykje å gjere.

Martin Frøholm kløyver materiale frå skog som han hogger sjølv og som kundane kjem med sjølve.

TRADISJONSRIK: På garden i Innvik har det vore drive sagbruk sidan 1936.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Stor interesse

At mindre sagbruk har fått ein opptur merkar Norsk bygdesagforening godt. Leiar for bransjeorganisasjonen, Inger-Marie Svingeset, fortel at aktiviteten har gått betydeleg opp.

– Vi treng eit sagbruk i alle bygdelag no.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at materialkostnadane steig med 26,3 prosent berre i fjor. Auka treplastprisar har gjort at aktivitet og interessa for små og mellomstore sagbruka har blitt betydeleg større dei siste par åra, fortel Svingeset.

– Etter nokre stille år så kom trelastmangelen. Det har gjort at folk no ser etter nye løysingar og på nye måtar å gjere ting på.

Organisasjon får mange førespurnader, folk vil på kurs og interessert i maskiner. Bønder som skal bygge, har større interesse for å bruke eigen skog.

Les også Nytt prishopp på byggevarer: Måtte hastekjøpe varer før huset ble enda dyrere

Ronny Møllenes i Alta får et dyrere bolighus, enn det han først trodde. Stor prisøkning på byggevarer er årsak.

Fleire månadar ventetid

På Osterøy har Solberg Sagbruk fleire månadar lang kø på saga av kundar som kjem med eige tømmer dei vil ha skore.

– Skal vi ta på oss leigesaging no, så er første ledige tidspunkt i september/oktober. Vi er stort sett fullbooka, seier dagleg leiar Pål Solberg.

Han blir no kontakta av folk frå heile landet som kjem med tømmer som dei ynskjer han skal skjere for dei.

– Akkurat no har vi ein kunde frå Fedje som kjem med noko Sitkagran som vi skal skjere for han til hausten, seier Solberg.

Pål Solberg

POPULÆRT: Pål Solberg er dagleg leiar for Solberg sag på Osterøy.

Foto: Ronja Elise Vang / NRK

Kostbart å byggje

I Norsk bygdesagforening gler dei seg no over alle som no vel å pusse rust av gamle sagblad, og torer å satse igjen.

– Det er veldig kjekt. Vi ser det gror med nye bedrifter i heile landet og etablerte bedrifter som utvidar og investerer, Svingeset.

Særleg er det kjekt at ungdommen satsar, legg ho til.

Førespurnadane til bedriftene er aukande.

– Folk synest det er begynt å kostbart når dei skal bygge og sonderer litt meir. Då er ofte dei små og mellomstore bedriftene veldig konkurransedyktige.

Inger-Marie Svingeset er dagleg leiar i Norsk Bygdesagforening

SATSING: Inger-Marie Svingeset fortel om god aktivitet både i organisasjonen og blant medlemsbedriftene dei siste par åra. Foreininga har også fått stadig fleire medlemmer.

Foto: Oddgeir Sæle /

Spesialbestillingar

I Olden har Martin Frøholm frakta ei spesialbestilling til ein kunde. 12 x 12 tommar tjukke og over fem meter lange furustokkar som skal bli til benkar ved Kjenndalsbreen,

– Dette er ikkje akkurat hyllevare, så då er det heilt supert å ha ei slik sag som Martin. Her kan du få det spesialtilkappa, seier kunde Rune Holen ved Statens naturoppsyn.

– Det er kjekt med slike prosjekt, så dei håpar eg det vert fleire av, seier Frøholm.