Hopp til innhold

Prisen til nå: 15 millionar kroner

25 årsverk og 15 millionar har gått med i etterforskinga av den såkalla Lommemannen.

Foto av lommemannen. Teke av eit overvakingskamera.
Foto: Politiet

Måndag startar rettssaka mot den 57 år gamle bergensaren som er tiltalt for overgrep mot 66 unge gutar over heile Sør-Norge.

Det var Follo politidistrikt som i 2003 tok på seg å leia etterforskinga av overgrepa mot unge gutar som var melde inn til politiet frå Sør-Trøndelag og sørover.

Overgrepa hadde funne stad over eit langt tidsrom og hadde det til felles at unge gutar blei bedne om å stikka hendene sine ned i lomma på ein mann. Lommene var utan fôr og mannen ville at gutane skulle tilfredsstilla han seksuelt.

- Mange av sakene var dårleg etterforska

Påtaleleiar Jens Elsebutangen i Follo politidistrikt seier dei har brukt mellom 15 og 16 millionar kroner på etterforskinga sidan 2003. 25 årsverk har gått med.

Jens Elsebutangen

Påtaleleiar Jens Elsebutangen i Follo politidistrikt.

Foto: Knut-Martin Løken / NRK

- Det er veldig krevande å driva etterforsking over så mange år, med så mange forhold og over så store delar av landet, seier han til NRK.

Men han vil ikkje seia om 15 millionar kroner er mykje i ei slik etterforsking.

- Dette er ei heilt spesiell sak. Her har det vore mykje arbeid, seier han.

Elsebutangen seier Follo politidistrikt fekk svært mykje ekstraarbeid fordi etterforskinga i fleire av sakene som var melde inn i politidistrikta ikkje var god nok.

- Ikkje alle forholda var unngitt den etterforskinga som skulle vore, seier han.